Ercole su'l Termodonte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Endrar Ercole su'l Termodonte
RV 710
Opera av Antonio Vivaldi
Sjanger Opera
Periode Barokken
Komponert Januar 1723
Første framføring 27. januar 1723
Tekst av Antonio Salvi

Ercole su'l Termodonte (Herkules i Thermodon) er ein barokk italiensk opera i tre akter av Antonio Vivaldi frå 1723. Librettoen vart skriven av Antonio Salvi (ikkje Giacomo Francesco Bussani som tidlegare trudd) (Vitali, 2007). Operaen hadde premiere 27. januar 1723 i Teatro Tordinona i Roma. Sidan ei kunngjering frå paven gjorde at kvinner ikkje hadde lov til å stå på scenen i Roma, vart kastratsongarar som song alle dei kvinnelege rollene. Vivaldi var både dirigent og solofiolinist.

Ein trudde lenge at partituret vart gått tapt, men 30 ariar og to duettar vart oppdaga i fleire arkiv, og resten av operaen er sidan rekonstruert av Alessandro Ciccolini.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Røyst Merknad
Herkules (Ercole) tenor
Martesia, ei amasoneprinsesse sopran
Antiope, dronninga av amasonene mezzo-sopran
Hippolyte, ei amasoneprinsesse sopran
Theseus, prins av Aten kontraalt
Alceste, ein gresk prins tenor
Telamone, konge av Ithaca kontraalt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ercole su'l Termodonte» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2010.
  • Talbot, Michael, Vivaldi og Rome: Observations og Hypotheses, Journal of the Royal Musical Association, Vol. 113, No. 1, 1988, 28-46.
  • Vitali, Carlo, Biondi's Labors Won, or Unearthing the Lost Vivaldi, Opera Today, 22 Oct 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]