Eremitageslottet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eremitageslottet (Eremitagen) er eit dansk jaktslott i barokk som ligg på det høgaste punktet på Eremitagesletten i Jægersborg Dyrehave nord for København. Eremitageslottet vart reist som ein plass kor kongen kunne halde taffel under parforsejakta si og har aldri vore meint som residens.
Slottet er teikna og oppført i 1734-36 for Kristian VI av hoffbyggmeister Laurids de Thurah.[1] [2]
Staten eig slottet i dag og det vert nytta av dronninga og hennar familie til jakt og lunsjmåltid.[2]
Referansar [endre]
- ↑ Eremitageslottet frå Slots-og Ejendomsstyrelsen
- ↑ 2,0 2,1 Eremitageslottet frå Kongehuset.dk