Eremittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eremittar


Sagnebberemitt(Ramphodon naevius)
Sagnebberemitt
(Ramphodon naevius)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Apodiformes
Familie: Trochilidae
Underfamilie: Phaethornithinae
Slekter

Eremittar er tropiske og subtropiske kolibriar i underfamilien Phaethornithinae, med 30-40 artar i seks slekter. Dei har utbreiing frå det sørlege Mexico, gjennom Sentral-Amerika til Sør-Amerika så langt sør som nordlege Argentina.

Typisk er fjørdrakta åt eremittar dominert av fargene grøn, brun, raudbrun eller grå. Dei fleste eremittar viser litt iriserande grønt eller bronse på oversida, men dette er langt mindre iaugefallande enn hos mange andre kolibriar. Fuglar av dei to kjønna er gjennomgåande like, ulikskapar kan vere avgrensa til forma på nebb og hale og / eller styrkje av farger / mønstre. Ingen artar av eremittar viser den sterke kjønnsdimorfismen som vanlegvis er knytt til kolibriar.

Eremittar i slekta Phaethornis, har langt nedbendt nebb, unntaka er tre artar, P. koepkeae, P. philippii og P. bourcieri, som alle har nesten rettpeikande nebb. Phaethornis har dessutan raud eller gul base til nedre nebbrot, og dei to sentrale halefjørene er langstrakte og tippet med kvitt, brungult eller oker farge. Oversida av hovudet er flatt, og dei har ofte to lyse ansiktstriper på ei mørkare maske.

Habitatet til dei fleste eremittar er avgrensa til skogkant og underskogen, skog i gjenvekst, men somme artar som t.d. planaltoeremitt førekjem i meir opne habitat.

Hos mange eremittartar dannar fuglane paringsarenaer og samlast på tradisjonelle speleplassar, der hofuglane kjem for å velje ein make. Hannfuglar av eremittar er generelt mindre aggressive enn andre hannkolibriar, jamvel om begge kjønn vil forsvare territorium for næringsfangst.

Dei fleste eremittar er knytt til blomar av heliconias, men vil nytte andre nektarkjelder som blomar av Centropogon, Passiflora, Costus og andre. I mindre grad, vil de òg fange små leddyr. Det lange nedkurva nebbet som er typisk for denne gruppa av kolibriar er ei tilpassing til visse blomar. Dette er utvikla til det ekstreme hos dei to sigderemittartana i slekta Eutoxeres, grønsigderemitt og rusthalesigderemitt. Mange artar, inkludert rustbrysteremitt, nyttar òg heliconias til hekkeplass, dei fester det koniske reiret til undersida av eit bladplanten.

[endre] Artslista

Eremittar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

  • Bandhaleeremitt, Threnetes ruckeri, (Band-tailed Barbthroat)
  • Manglar namn på norsk: Threnetes leucurus, (Pale-tailed Barbthroat)
  • Skjeggstubberemitt, Threnetes niger, (Sooty Barbthroat)





[endre] Kjelder

[endre] Referansar

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 24. november 2011 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk