Eremittkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eremittkrepsfamilien)
Eremittkreps
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Infraorden: Anomurar Anomura
Overfamilie: Paguroidea
Familie: Eremittkreps Paguridae
Latreille, 1802

Eremittkreps er ein familie tifotkreps som manglar både ytre skal og tydeleg segmentering på bakkroppen. Dei fleste artane kompenserar for dette ved å bu i tomme sniglehus, men somme nyttar òg sjøanemoner eller svampar som vern mot rovdyr. Hjå denne familien er høgre klo større enn venstre, og dei siste to para gangbein er reduserte.

Sjølve ordet «eremitt» kjem frå gresk eremos, som tyder 'einebuar'. Dette spelar på at eremittkrepsen meinast å leva åleine, noko som vanlegvis ikkje stemmer. Dei fleste artane i denne familien har nemleg utvikla mutualistiske former for symbiose med ein eller fleire andre artar - til dømes vert den vanlege norske bernhardkrepsen (Pagurus bernhardus) ofte funnen med sjøanemoner, hydroidar, svamp eller mangebørstemakk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eremittkreps