Eresfjord og Vistdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eresfjord og Vistdal kommune er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal, som i dag er del av Nesset kommune. Bygdene Eresfjord og Vistdal ligg ved Langfjorden og Eresfjorden i Romsdal. Fylkesveg 660 går gjennom begge bygdene.

Kommunen blei oppretta 1. januar 1890 då Nesset kommune blei delt i to. Kommunen hadde ved etableringa 2155 innbyggjarar.[1]

1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1289 innbyggjarar.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Eresfjord og Vistdal kommune frå 1890 til 1964:

1.1.1890[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
2155 1651 1557 1451 1548 1520 1340 1289

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Eresfjord og Vistdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå