Erfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Erfjorden er ein fjordarm i Boknafjorden i Suldal og Hjelmeland kommune i Rogaland. Han er ei fortsetjing av Jelsafjorden i vest og strekkjer seg 12 km inn til Erfjord. Frå Erfjord held fjorden fram 4 km vidare nordover som Tyssefjorden, slik at den totale lengda vert 15 km.

Fjorden har innløp mellom Lygnes i Hjelmeland på sørsida og Landsnes i Suldal på nordsida. Nord for innløp ligg Økstrafjorden, medan Ombofjorden ligg i sørvest. 4 km inn i fjorden strekkjer Bogsfjorden seg nordover til vestsida av Erfjord. Eit par kilometer lenger aust deler Erfjorden seg i fleire delar. Nordover held fjorden fram som Erfjorden og i aust stikk Kilaneset ut i fjorden. På nordsida av neset ligg Kilavågen, medan Midtvågen ligg på sørsida. Eidavågen er ei bukt som går sørover. Frå botn av Eidavågen er det berre eit 750 meter breitt eid over til nordsida av Jøsenfjorden.

Den nordgåande delen av Erfjorden går inn til sjølve bygde Erfjord, som no ligg på vestsida av fjorden. Erfjord ligg på eit smalt eid, som berre er 250 meter breitt på det smalaste. Aust for Erfjord ligg enden av Bogsfjorden. På austsida av Erfjorden ligg tettstaden Hålandsosen. Rett nord for Hålandsosen ligg Hålandssundet der Riksveg 13 kryssar fjorden. Sundet markerer òg innløpet til Tyssefjorden som endar opp ved grenda Tysse. Tyssefjorden er smal med bratte fjordsider på begge sider. På austsida stig fjordsida nesten 600 meter rett opp til Sørhusheia (595 moh).