Ergene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ergene
Ergene Nehri, Agrianes
elv
Land  Tyrkia
Nedslagsfelt 17 323 km²
Lengd 283 km
Middelvassføring 27,5 /s
Kjelde Strandzja
Munning Maritsa
Kart
Ergene
41°01′34″N 26°21′37″E / 41.02611111°N 26.36027778°E / 41.02611111; 26.36027778
Wikimedia Commons: Ergene River

Ergene (tyrkisk Ergene Nehri, gammalgresk Ἀγρίανες Agrianes) er ei elv i den europeiske delen av Tyrkia. Ho er ei venstre sideelv til Maritsa, og er 283 km lang, med eit nedbørfelt på 17 323 km² og ei middelvassføring på 27,5 m³/s. Elva har utspring i den sørlege delen av Strandzja-fjella, og renn derfrå mot vest og sørvest gjennom eit breitt og ope dalføre. Elveløpet er særs svingete, og den nedste delen av elva er i stor grad kanalisert og retta ut. Samløpet med Maritsa ligg 20 meter over havet, på grensa mellom Tyrkia og Hellas, 12 km nord for byen İpsala.

Dei største busetnadane langs elva er Uzunköprü, Pehlivanköy, Çerkezköy og Muratlı.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]