Ergonomi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ergonomi er eit omgrep som vert nytta om bruk av vitskaplege metodar for å legga til rette og betra arbeidsmiljøet. Fagfeltet fevnar vidt og omfattar utforming av arbeidsplassen, ljos, varme, vibrasjon, støy og liknade som har innverknad på sikkerheit, helse og trivsel. For operatørar av alle slags maskiner og verktøy er det viktig at dei er rett utforma, slik at dei ikkje skadar eller er til ubehag for brukaren. Rett ergonoi kan auka trivselen og redusera skadar og slitasje og derved òg sjukefråvær. Innan mange felt er det vedteke standardar og forskrifter som regulerer ymse ergonomiske tilhøve.