Eric Addo
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Eric Addo | |
| Fødselsdato | 12. november 1978 | |
| Fødestad | Accra i Ghana | |
| Høgd | 183 cm | |
| Posisjon | Midtstoppar, midtbane | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Roda | |
| Draktnummer | 3 | |
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 1996 1996-99 1999-2009 2002-04 2009 2009- |
- 65 (5) 82 (3) 27 (0) 6 (1) 13 (0) |
|
| Landslag** | ||
| 1998- | 23 (0) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga . |
||
Eric Addo, (fødd 12. november 1978 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som spelar for Roda i nederlandsk Eredivisie, og for det ghanesiske landslaget.
Addo drog til Europa og Club Brugge i Belgia i 1996, som 18-åring. I 1997/98-sesongen, då Club Brugge vann serien i Belgia, vart han kåra til årets unge spelar i Belgia og årets spelar i Ghana. Han vann òg den belgiske ibenholt-skoen, ein pris for beste afrikanske spelar i den belgiske ligaen. Sommaren 1999 gjekk han til PSV i Nederland, men dei første tre åra der var han for det meste skada eller innbyttar. Han vart lånt ut til Roda i to år, før han endeleg vart fast på laget då PSV vann serien i Nederland i 2006. PSV vann serien seks gonger i dei ti åra Addo var i klubben. I oktober 2007 vart Addo utestengd i fire kampar av UEFA etter å ha spytta på ein Fenerbahçe-spelar under ein Meisterliga-kamp. I juni 2009 gjekk han over til Roda på permanent basis, og skreiv under på ein toårskontrakt med klubben.
Addo fekk sjansen til å representera Belgia sitt landslag i 1998, men valde i staden å spela for fødelandet, Ghana. Etter å ha spelt i Afrikameisterskapen i 1998 for Ghana, var han ute av landslaget i seks år. I 2006 var han i troppen til fotball-VM, der han spelte alle Ghana sine fire kampar.
- Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 5. mai 2010.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Adjei • 2 Sarpei • 3 Gyan • 4 Kuffour • 5 Mensah • 6 Pappoe • 7 Shilla • 8 Essien • 9 Boateng • 10 Appiah • 11 Muntari • 12 Tachie‑Mensah • 13 Mohamed • 14 Amoah • 15 Paintsil • 16 Owu • 17 Quaye • 18 E. Addo • 19 Pimpong • 20 O. Addo • 21 Issah • 22 Kingson • 23 Dramani • Trenar: Dujković |
||