Erich Mühsam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erich Mühsam (1928)

Erich Kurt Mühsam (6. april 187810. juli 1934) var politisk aktivist, anarkist, forleggjar og forfattar. Etter stor politisk verksemd og forleggjarverksemd vart han myrda av nazistane.

Mühsam vart fødd i ein jødisk familie i Berlin, og voks opp i Lübeck. Faren var apotekar. Mühsam vart utvist frå gymnaset i Lübeck for å ha skrive om tilhøva på skulen i den sosialdemokratiske avisa. Han tok derfor artium i Mecklenburg, gjekk så i apotekarlære i Lübeck, før han atter fór til Berlin i 1901.

I 1902 vart han redaktør i det anarkistiske tidsskriftet Der arme Teufel, og frå 1905 arbeidde han i bladet Weckruf. Han reiste mykje i åra 1904-1908, ofte saman med sin homoseksuelle venn Johannes Nohl.

Frå 1909 budde han i München, der han grunnla fleire anarkistiske grupper knytte til organisasjonen Sozialistischer Bund. I 1910 vart han arrestert klaga for hemmeleg oganisering. Han var venn med mellom andre Heinrich Mann, Frank Wedekind og Lion Feuchtwanger. Mühsam var medarbeidar ved München-kabareten og ulike satiriske tidsskrift, mellom andre Simplicissimus og Jugend. Frå 1911 til 1919 gav han i München ut tidsskriftet Kain - Zeitschrift für Menschlichkeit, men ikkje under verdskrigen. Mühsam gifta seg i 1915 med den bayerske bondedottera Kreszentia Elfinger, kalla Zenzl. Ho levde til 1962.

På slutten av verdskrigen vart Mühsam fengsla i 6 månader. Han vart ikkje sett fri før krigen var over. I 1919 vart han medlem i arbeidarrådet i München, og gjekk inn for ein bayersk rådsrepublikk. Etter at rådsrepublikken var slått ned av Reichswehr og høgrenasjonalistiske frikorps, vart han som "leiande element" dømd til 15 års fengsel. Men i 1924 vart han sleppt fri ved eit amnesti.

Etter dette fór han til Berlin og gav ut det anarkistiske tidsskriftet Fanal. Han arbeidde der saman med m.a. den unge Herbert Wehner. I 1925-1929 engasjerte han seg i fangehjelpsorganisasjonen Rote Hilfe, som stod KPD nær. Han gjekk ut av organisasjonen i 1929 pga politisk usemje.

Kort etter maktovertakinga til nazistane i 1933 vart han arrestert. Han vart myrda i konsentrasjonsleiren Oranienburg året etter. Meldinga i nazipressa var: "Jøden Erich Mühsam har hengt seg i Schutzhaft." Men medfangar fekk seinare ut den sanne soga om korleis han hadde vorte myrda på leirkommandanten sitt rom. Erich Mühsam ligg i æresgrav på gravstaden Waldfriedhof Dahlem.

Kjelde: Tysk wikipedia, art. med same namnet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Erich Mühsam (1894)
  • 1903 - Die Homosexualität. Ein Beitrag zur Sittengeschichte unserer Zeit (Streitschrift)
  • 1904 - Die Wüste (Gedichte)
  • 1904 - Billys Erdengang. Eine Elephantengeschichte für artige Kinder (den Text verfasste Mühsam gemeinsam mit Hanns Heinz Ewers)
  • 1905 - Ascona. Eine Broschüre (Streitschrift)
  • 1905 - Die Psychologie der Erbtante. Eine Tantologie aus 25 Einzeldarstellungen zur Lösung der Unsterblichkeitsfrage (Satire)
  • 1906 - Die Hochstapler (Lustspiel)
  • 1909 - Der Krater (Gedichte)
  • 1914 - Wüste-Krater-Wolken (Gedichte)
  • 1914 - Die Freivermählten (Drama)
  • 1919 - 1919. Dem Andenken Gustav Landauers
  • 1920 - Brennende Erde: Verse eines Kämpfers (digitale Rekonstruktion: UB Bielefeld)
  • 1921 - Judas (Arbeiterdrama)
  • 1925 - Revolution (Kampf-, Marsch- und Spottlieder)
  • 1925 - Alarm (Manifeste)
  • 1926 - Gerechtigkeit für Max Hoelz!
  • 1927 - Unpolitische Erinnerungen (Memoiren)
  • 1928 - Staatsräson, ein Denkmal für Sacco und Vanzetti (Dokumentardrama)
  • 1928 - Sammlung 1898–1928 (Lyrik und Prosa)
  • 1930 - Alle Macht den Räten!
  • 1932 - Die Befreiung der Gesellschaft vom Staat (Programmschrift) ISBN 3-87956-276-8.
  • 1975 - Bilder und Verse für Zenzl ISBN 3-546-46842-2 (Faksimileausgabe des von Mühsam 1924 geschriebenen und gezeichneten Bilderbuchs)
  • hrsg. 1994 - Erich Mühsam Tagebücher 1910 - 1924 ISBN 3-423-13219-1

Gater, plassar, minnetavler[endre | endre wikiteksten]

  • Auf dem Gelände des ehemaligen KZ Oranienburg, wo Mühsam ermordet wurde, wurde nebenstehender Gedenkstein zur Erinnerung an Erich Mühsam errichtet.
  • Eine Gedenktafel für Erich Mühsam befindet sich in Berlin am Haus Alt-Lietzow 12 (Inschrift).
  • In Magdeburg trägt eine Straße den Namen Erich-Mühsam-Straße, ebenso in Berlin, Chemnitz, Eberswalde, Neuruppin, Rostock und anderen Städten, in München-Schwabing gibt es einen Erich-Mühsam-Platz.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Wolfgang Haug: Erich Mühsam. Schriftsteller der Revolution. Trotzdem Verlag, Grafenau 1998. ISBN 3-922209-01-7
  • Frank Th. Gaulin, Rolf Kauffeldt, Chris Hirte, Dieter Schiller: Erich Mühsam - Revolutionär und Schriftsteller. Erich-Mühsam-Gesellschaft e.V, o.J. ISBN 3-931079-02-3
  • Heinz Hug: Erich Mühsam - Untersuchungen zu Leben und Werk. Topos Verlag, o.J. ISBN 3-289-09023-X
  • Hubert van den Berg: Erich Mühsam (1878-1934). Bibliographie der Literatur zu seinem Leben und Werk. o.O. 1992. ISBN 90-72537-05-X
  • Rolf Kauffeldt: Erich Mühsam zur Einführung. Junius, Hamburg. 1989. ISBN 3-88506-824-9
  • Rolf Kauffeldt: Erich Mühsam. Literatur und Anarchie. Uni-TB, Stuttgart. 1983. ISBN 3-7705-2139-0
  • Hanns Heinz Ewers: Führer durch die moderne Literatur. 300 Würdigungen der hervorragendsten Schriftsteller unserer Zeit [1906]. Herausgegeben von H. H. Ewers unter Mitwirkung von Victor Hadwiger, Erich Mühsam und René Schickele. ISBN 3-934818-23-4 (korrigierter und kommentierter Neudruck der Erstausgabe, herausgegeben von Arne Glusgold Drews und Danielle Winter). Revonnah Verlag Hannover 2006.
  • Helge Döhring: Syndikalist aus Überzeugung: Erich Mühsams Entscheidung erfolgte nach gründlicher Abwägung zugunsten der FAUD, in: FAU-Bremen (Hg.): Syndikalismus - Geschichte und Perspektiven, Bremen 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]