Erich Maria Remarque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erich Maria Remarque

Erich Maria Remarque er pseudonym for Erich Paul Remark (22. juni 189825. september 1970) — ein tysk romanforfattar som er kjend for sine skildringar i enkelt og kraftfullt språk av liva åt vanlege menneske i skuggen av krigen — særleg frå desillusjonerte soldatar og flyktningar sitt perspektiv. Remarque karakteriserte seg sjølv som ein «militant pasifist».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Erich Paul Remark vart fødd inn i ein katolsk fattig arbeidarklassefamilie i Osnabrück i Niedersachsen i Tyskland den 22. juni 1898. Far hans var bokbindaren Peter Franz Remark og mor hans var Anna Maria Remark, f. Stallknecht. I 1916, atten år gammal, vart han innkalla til militærteneste og send til fronten som tysk soldat under første verdskrigen, der han vart såra fleire gonger. Etter eit rotlaust yrkesliv etter krigen gav han i 1929 ut si mest vidkjende bok, Im Westen nichts Neues (Inkje nytt frå vestfronten). Nazi-Tyskland forbaud bøkene hans og brende dei på bokbål i 1933 — i tillegg til at dei spreidde den usanne propagandaen mot han at han stamma frå franske jødar og at det eigentlege familienamnet hans var Kramer (Remark stava baklengs). Han hadde da budd i Sveits sidan 1931, og i 1939 emigrerte han til USA, der han vart statsborgar i 1947. I 1958 gifte han seg med den tidlegare hollywoodfilmstjerna Paulette Goddard (1911-1990). I 1948 flytte dei til Sveits, der han døydde i Locarno den 25. september 1970.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Utgjeve posthumt:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]