Erik Bråtveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Bråtveit
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. april 1896
Død

10. februar 1972 (75 år)

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Erik Erikson Bråtveit (25. april 18961972) var den fyrste blinde studenten og den fyrste blinde presten i Noreg. Han gjekk på blindeskulen i Trondheim til 1916, tok middelskulen på Sand i Ryfylke med eksamen som privatist i 1918, eksamen artium ved Volda gymnas i 1921 og teologisk embetseksamen ved Teologisk fakultet, UiO i 1927.

Han ville bli prest, men Kyrkjedepartementet nekta fyrst å gi ordinasjonsløyve fordi ei forordning frå Christian 5. si tid kravde at ein prest skulle vere "legemlig lytefri". Mens han kjempa vidare for å kunne bli prest, tente han som reisesekretær i Austlandske blindeforbund eit års tid. I løpet av året lukkast kampen delvis. Departementet gjekk med på å gje dispensasjon for ordinasjonsløyve "til tjeneste etter biskopens nærmere anvisning". Biskop Lunde skaffa han eit vikariat i Asak kyrkjelyd i Berg sokn, og deretter fikk han stillinga der då ho vart ledig. Då han gjekk av for aldersgrensa etter å ha tent Den norske kyrkja i denne kyrkjelyden i 35 år, fekk han Kongens fortenestmedalje i gull for innsatsen sin.

At Bråtveit med sitt liv utførte ei bragd, blir klårt når ein ser på kva for utfordringar han møtte og tok tak i - også utanom slikt som alle blinde må slite med. Det var t.d. vanskeleg økonomi, redusert høyrsle, svekka balanseevne, manglande tilrettelegging av skolegang og studiar, ordinasjonsnekt, samfunnet sine negative haldningar til kva funksjonshemma kunne og burde gjere - og to foreldrelause nevøar som trong ein heim.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Skule og studiar[endre | endre wikiteksten]

Pioneren frå den vesle fjellgarden i Suldal miste synet som 7-åring p.g.a. hjernehinnebetennelse. Som 9-åring blei han send den lange vegen til blindeskulen i Klæbu (seinare flytta til Dalen i Trondheim). Der fekk han att betennelsen i hjernen og var så sjuk at styraren på skulen skreiv heim for å førebu familien på at han truleg ikkje ville overleve. Dei kvitterte med å be om å få kista heim, men det kunne ikkje styraren sjå var mogleg. Utruleg nok overlevde han, men hadde nå også mista høyrsla på det eine øyret og delar av balanseevna.

Trass i at det korkje på middelskulen eller i gymnaset fanst lærebøker i blindeskrift, fullførte han på normaltid. I munnlege fag tok klassekameratar på seg å lese gjennom den daglege leksa for han. Andre hjelpte med å skrive av delar av pensum i språkfaga. Mykje måtte baserast på kva medelevane kalla den gode "huskestua" hans. Gode hjelparar gav han i denne tida rimeleg opphald mot at han hogg og bar inn all veden som husverten trengte. Økonomisk grunnlag elles fekk han ved å låne frå blindeforbundet og familie. Det var likevel ikkje nok til at han kunne reise heim i gravferda til mor si, noko han alltid var lei seg for, då han hadde eit nært tilhøve til henne. Studiet ved Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo fullførte han også på normaltid. Heller ikkje her fanst lærebøker i blindeskrift. Sjølv Bibelens grunntekster måtte han få frå utlandet, GT på hebraisk frå Tyskland og NT på gresk frå England. Snille medstudentar las notata sine frå førelesingane for han, slik at han kunne skrive dei i blindeskrift og bruke dei ved sida av eigne nedteikningar.

Prestegjerning[endre | endre wikiteksten]

Då han hadde fått ordinasjonsløyve og biskop Lunde undersøkte om Asak kyrkjelyd kunne ha ein blind prest i vikariatet som var ledig der, svara dei at han fyrst måtte komme og halde "prøvegudsteneste". Det gjekk bra, og han blei akseptert. Ja, etter kvart meir enn det. Dei vart så nøgde med han at då den faste stillinga blei utlyst, innstilte dei Bråtveit som nummer éin. Dessutan arrangerte kyrkjelyden ein aksjon for å vise at dette var eit allment ønskje. Den resulterte i meir enn 1600 underskrifter. Stillinga fekk han, men vart tilsett som "midlertidig res. kap.", noko han formelt sett vart verande all sin dag!

Som hushaldar og medhjelpar i arbeidet fekk han tanta si, Kari Vetrhus, ei pensjonert lærarinne. Ho gjorde ein framifrå innsats gjennom sju år. Ho førte kyrkjebøker og følgde der han trong det. Då den yngste søstera hans, Madli, og mannen hennar døydde frå fire gutar, tok han til seg dei to eldste og fostra dei i ni år til dei var ferdige med gymnaset. Så då han gifta seg i 1935 med lærarinna Nora Øberg, og tante Kari fekk avløysing, hadde han allereie to gutar i huset. Den unge prestefrua gjekk inn i oppgåvene med liv og sjel. Saman utgjorde dei eit par som stadig var på farten, ikkje minst i sjukebesøk og foreiningsliv. Då kyrkjelyden ikkje hadde noko lokale utanom kyrkja, kom prestegarden til å fungere som forsamlingshus.

Under krigen la pastor Bråtveit ned embetet i protest mot nazistyret, slik dei fleste norske prestane gjorde. Tenesta heldt likevel fram og kyrkjelyden sytte for livsopphaldet. Han var såpass frittalande på preikestolen at hans kjære Nora stadig frykta at han skulle bli arrestert. Utruleg nok vart han ikkje teken. Noko av forklaringa kom for dagen etter krigen, då Torvald Øberg besøkte nokre hirdfolk som sat fanga på Akershus. Ein av dei fortalde (med løyve til å bringe vidare) at han og ein annan hadde entra prestegardstunet ein mørk haustkveld for å ta pastoren. Då dei nærma seg huset, høyrde dei hoggeljod frå uthuset. Hogginga vart iltrare og iltrare i mørkret. Dei usikre og engstelege ungdommane tenkte ikkje ein augneblink på at ein blind like gjerne kunne hogge ved i bekmørker som i dagsljos. Dei trudde det var skrømt og la beina på nakken.

Avskjed[endre | endre wikiteksten]

Erik Bråtveit hadde mange positive personlege eigenskapar. Saman med ei lys kristendomsforkynning og ei livsrøynsle som gav djupn til å kunne setje seg inn andre menneske sin situasjon, gjorde det at han fekk god inngang hjå alle. Folk heldt av han. Då han ville søkje avskjed ved nådd aldersgrense, ba kyrkjelyden (og biskopen) han om å forsette til han blei 70 år. Men han kjende at det øyret han høyrde på, også begynte å svikte, så han bestemte seg for å gå av.

Halden Arbeiderblad skildra avskjedsgudstenesta m.a. slik: «Erik Bråtveit ble møtt med en enestående sympati fra hele soknet ved sin fratreden. En folkekjær prest tok farvel med sin menighet i går.... Hans gripende avskjedstale ble påhørt med stor oppmerksomhet, og vi tror det er få prester som har blitt så avholdt som den blinde forkynner i Asak». Ved audiensen hos kong Olav der han takka for gullmedaljen, var kongen svært interessert livshistoria hans. Men da han fortalte at han takka Gud for at han var blitt blind, undra kongen korleis det kunne ha seg. «Jo, det gjorde at jeg ble prest, og så fikk jeg komme til Dem, herre Konge!»[1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. Inger-Nora Bråtveit Holm: Min fars øyne. Licentia forlag 2008.