Erik Tysse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Tysse


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. desember 1980 (43 år)
Bergen
Idrett friidrett, kappgang
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016

Erik Tysse (fødd 4. desember 1980) er ein norsk kappgjengar. Han har vunne 25 NM-gull og motteke 6 kongepokalar. I 2006- og 2007-sesongen var han mellom dei ti fremste i dei store internasjonale meisterskapane. Den beste internasjonale plasseringa hans er femteplassen på 50 km under VM i friidrett i Osaka i 2007. I 2007 sesongen vart Tysse og nummer to samanlagt i IAAF Race Walking Challenge. I 2010 vart han teken for doping og utestengt frå idretten i to år.[1]

Tysse er yngre bror til Kjersti Tysse Plätzer og han vert trena av svogeren sin, Stephan Plätzer. Han tevlar for Norna-Salhus og bur på Søfteland.

Dopingsak[endre | endre wikiteksten]

Den 20. juli 2010 blei det kjent at Erik Tysse hadde gjeve positiv dopingprøve på stoffet CERA, eit tredjegenerasjons EPO-stoff. Prøven var teken av Det internasjonale friidrettsforbundet under ei tevling i San Giovanni i Italia 1. mai 2010.[1] Domsutvalet i Norges idrettsforbund fann han skuldig og gav han to års utestenging frå idretten. Sjølv hevda Erik Tysse at han ikkje hadde brukt preparatet[2], og anka saka til den internasjonale skiljedomstolen for idretten (CAS).[1] Der vart alle ankepunkt Tysse og ekspertane hans hadde fullstendig attendevist og dei vann ikkje fram på noko punkt.[3] Dommen på to års utestenging var rettskraftig.[1] Utestengingstida tok slutt den 7. juli 2012.[4] Dette var akkurat i tide til at kappgjengarmiljøet på Os/skyldfolka hans vann å arrangere ei uttakigstevling slik at han kunne nå å oppfylle kravet til uttak til OL i London. Fyrste dagen han hadde lov til å delta i tevlingar att, 8. juli, kvalifiserte Erik Tysse seg til OL. Olympiatoppen tok han så ut til OL i London, men denne avgjerda var omstridt.[5] Tysse deltok her på 20 kilometer kappgang, og enda på ein 14. plass.[6]

Plasseringar[endre | endre wikiteksten]

År Tevling Stad Plassering Distanse
2002 EM München, Tyskland 17 20 km
2003 VM Paris, Frankrike 19 20 km
2005 VM Helsingfors, Finland 13 20 km
2006 World Race Walking Cup La Coruña, Spania 9 20 km
EM Göteborg, Sverige 7 20 km
2007 VM Osaka, Japan 8 20 km
5 50 km

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kristian Hallandvik Langenes og Siri Kleven Strøm (8. juli 2012). ««Tysse klarte OL-kravet»». nrk.no. 
  2. Norges Fri-idrettsforbund (20. juli 2010). «Positiv dopingprøve av Erik Tysse». Henta 20. juli 2010. 
  3. ««CAS 2011/A/2353 Erik Tysse v. Norwegian Athletics Federation & International Association of Athletics Federations»» (PDF). CAS. 29. august 2011. 
  4. Aftenposten, 07.07.12: Erik Tysse forberedt på blandet mottakelse
  5. Nrk.no: Tysse og Vukicevic fikk OL-billetter
  6. Resultatliste frå Sports-reference.com, arkivert frå originalen 18. februar 2014, henta 23. august 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]