Erik Fosnes Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erik Fosnes Hansen i 2012.

Erik Fosnes Hansen (fødd 6. juni 1965 i New York) er ein norsk forfattar som skriv på bokmål. Han er oppvaksen i Oslo.

Erik Fosnes Hansen debuterte 20 år gammal med romanen Falketårnet. Boka fekk svært gode kritikkar og selde også bra, særleg til debutbok å vera, men det vart likevel for lite å rekna målt mot den neste boka hans. I 1990 kom Salme ved reisens slutt, ein roman på over 450 sider om dei sju musikarane i orkesteret på RMS «Titanic». Boka vart ein enorm publikumssuksess, og kritikarane var også svært positive. Boka er vorte omsett til over 20 språk. I 1998 kom så første del av Beretninger om beskyttelse. I 2001 kom ei portrettbok om prinsesse Märtha Louise.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Falketårnet er vorte omsett til svensk, dansk, tysk, nederlandsk, italiensk og fransk. Salme ved reisens slutt har vorte omsett til svensk, dansk, finsk, islandsk, tysk, engelsk, nederlandsk, tsjekkisk, polsk, ungarsk, italiensk, spansk, katalansk, fransk, gresk, portugisisk, japansk, estisk, litauisk, slovakisk, russisk og tyrkisk. Beretninger om beskyttelse er gitt ut på fransk, lettisk, engelsk, dansk, finsk, katalansk, nederlandsk, spansk, svensk og tysk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.