Erik Fossan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Erik Fossan (fødd 17. november 1971) er ein norsk sjakkspelar. Han vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE 7. september 1997[1].

Han klarte krava til IM-tittelen i to sjakkturneringar i Gausdal i 1992 og 1995, med 5,5 poeng av 9 moglege i Gausdal Troll Masters 8-15. januar 1992 [2] og med 7 av 9 moglege i Skei Masters si B-gruppe 5-14. mai 1995[3], og deretter med 6 av 9 moglege i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Stavanger i 1997. Kravet til eigen rating på over 2400 passerte han etter 7. runde i NM[4].

Han vann lilleputtklassa (under 12 år) i Noregsmeisterskapen i sjakk i 1984[5], og vart noregsmeister i sjakk for juniorar i 1988[6]. .

Erik Fossan har vore medlem i Ganddal Sjakklubb, Bergens Schakklubb og Stavanger Sjakklubb.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Sjakkblad
  • Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
  • Brekke, Øystein og Thor Geir Harestad (1997): Sjakkens Holmenkollen: Gausdalsjakk 1970-1996. Åmot: Norsk Sjakkforlag. ISBN 82-90779-01-1

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges Sjakkforbunds forbundspost nr. 3 - 1997
  2. Norsk Sjakkblad nr. 1-1992, s. 3-5
  3. Brekke og Harestad s. 186
  4. Norsk Sjakkblad nr. 5-1997 s. 6-7
  5. Brekke s. 107
  6. Brekke s. 107