Erik Gjems-Onstad
Erik-Ørn Gjems-Onstad (22. februar 1922–18. november 2011) var ein norsk politikar, høgsterettsadvokat og innvandringsmotstandar.
Innhaldsliste |
Liv og virke [endre]
Erik Gjems-Onstad vart fødd i Oslo. Under andre verdskrigen deltok han i motstandarbeid, og vart høgt dekorert. Han deltok i Kompani Linge og stod bak MILORG i Trøndelag.
Gjems-Onstad vart valt inn på Stortinget for Anders Langes Parti (ALP) frå Akershus i 1973, som dåverande «nestkommanderende» for partiformannen Anders Lange. Han vart ekskludert frå partiet i 1976 då han anbefalte veljarane å stemme på Høgre ved stortingsvalet 1977, fordi ALP uansett ville få for lita oppslutning.
Sidan vart Gjems-Onstad kjend som forsvarsadvokat for fleire kjende norske høgreradikale og høgreekstreme personar. Han fremma ei rekkje klagemål på vegne av personar med tilknyting til det ny-nazistiske miljøet i Noreg. I ei årrekkje var han aktiv med debattartiklar i fleire aviser og tidsskrift. Han gav ut fleire bøker og publikasjonar, mellom anna bladet Nytt og kommentarer som starta opp i 1984.
Den tidlegare høgsterettsadvokaten var medlem av både Folkebevegelsen mot innvandring (FMI) og Pensjonistpartiet (PP), og sjølv såg han inga motsetning mellom FMI og PP. Ved kommunevalet i 2007 var han listetopp for Pensjonistpartiet i Asker.
I august 2007 uttalte han at «Norge er nordmenns fedreland» under ein valdebatt sendt i radioprogrammet NRK Østlandssendingen. Han fortsatte med «Nordmenn er en nasjon innen den hvite rase. Mange tør ikke si det, men det er realiteten». I innslaget framstilte han Pensjonistpartiet som det mest innvandringskritiske partiet i landet. Pensjonistpartiet sin leiar truga straks med eksklusjon.[1]
Anna [endre]
Gjems-Onstad spelte seg sjølv i filmen Det grodde fram fra 1947. Gjems-Onstad vart i 1939 noregsmeister på sykkel for junior. I 1967 tok han initiativet til sykkelrittet Den store styrkeprøven mellom Trondheim og Oslo der han sjølv har deltatt over eitt dusin gonger.
Utgjevingar [endre]
- 1981: Psykologisk krigføring i Norge - DURHAM - hemmelige operasjoner mot tysk okkupasjonsmakt 1943-45
- 1984: Dagbok fra Tanzania - u-hjelp uten mening
- 1984: Dagbok fra Israel- reiser og tanker
- 1985: Syd-Afrika i dag - boikott eller samarbeid
- 1990: LARK Milorg i Trøndelag.
- 1993: Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren
- 1994: Myrdal-sakene
- 1994: Psykologisk krigføring i Norge under Annen Verdenskrig 1940 - 45 Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste ISBN 82-90539-05-3
Utmerkingar [endre]
- 1941: Member of the British Empire Defence Medal
- 1942: Haakon VIIs 70 års medalje
- 1944: St. Olavsmedaljen med eikegrein
- 1945: Deltakarmedaljen 9. april 1940 - 8. mai 1945
- 1945: The 1939-45 Star
- 1945: Defence Medal
- 1945: War Medal
- 1947: Krigskorset med sverd
- 1978: Idrettsmerkestatuetten
- 1982: Vernedugleiksmedaljen
Stortingskomitéar [endre]
- 1973–1977 medlem i Finanskomitéen
- 1973–1977 medlem i Valkomitéen
Kjelder [endre]
- Artikkelen er opphavleg henta frå Wikipedia på bokmål
Fotnotar [endre]
- Fødde i 1922
- Døde i 2011
- Norske offiserar
- Norske forfattarar
- Medlemmar av Kompani Linge
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Norske advokatar
- Norske syklistar
- Norske friidrettsutøvarar
- Politikarar frå Oslo
- St. Olavsmedaljen med eikegrein
- Order of the British Empire
- Nordmenn frå andre verdskrigen
- Stortingsrepresentantar frå FrP
- Pensjonistpartipolitikarar