Erik Höglund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Två djur och leksak (1966), granitt, Bredängs Torg i Stockholm. Foto: Bengt Oberger

Erik Höglund (fødd 1932 i Karlskrona, død 1998) var ein svensk målar, skulptør, teiknar, grafikar, glaskunstnar og formgjevar, far til glaskunstnaren Erika Höglund.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

  • 1948-1953 Konstfackskolan, Stockholm
  • 1951-1952 Grafikkstudium hjå Harald Sallberg

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Han var knytt til Boda Glasbruk frå 1953-1973 som formgjevar. Der arbeidde han fram eit heilt eige rustikt utrykk i glaset, og han formgav også til dømes ljosekroner i smijern og glas.

Han formgav også møblar i tre og skulpturar i keramikk, stein, tegel og bronse. Han skapte nærare 150 større verk til utsmykking av offentlege miljø.

Etter nokre års opphald tok han på slutten av 70-talet opp att glasarbeidet, denne gongen ved Pukeberg Glasbruk samt ved glashyttene Transjö, Åhus og Vrigstad. Frå 1988 samarbeidde han mest med Studioglas Strömberghyttan.

Han fekk Lunningprisen i 1957.

Representert ved desse samlingane[endre | endre wikiteksten]

  • Nationalmuseum, Stockholm.
  • Röhsska Konstslöjdsmuseet, Göteborg.
  • Konstmuseet Arkiv för dekorativ konst, Lund.
  • Smålands Museum, Växjö.
  • Blekinge Länsmuseum, Karlskrona.
  • Kalmar Konstmuseum.
  • Ystads Konstmuseum.
  • Trelleborgs Museum.
  • Östersunds Länsmuseum.
  • Västerbottens Länsmuseum.
  • Darmstadt Landschaftsmuseum Darmstadt.
  • Bellerive Kunstgewerbemuseum, Zürich.
  • Cooper-Hewitt Design Museum, New York.
  • Corning Glass Museum, New York State.
  • Victoria and Albert Museum, London.

Meir å lese[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]