Erik Haagensen Jaabæk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Haagensen Jaabæk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. desember 1761
Øyslebø
Død

4. januar 1845 (83 år)
Mandal

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Erik Haagensen Jaabæk (6. desember 17614. januar 1845) var ein lærar, gardbrukar, handelsmann, og eidsvollsmann frå Øyslebø i Vest-Agder.

Jaabæk var frå garden Usland i Øyslebø. Han var i om lag 20 år skulehaldar i Holme og Øyslebø. Deretter tok han over farsgarden, men garden vart så teken frå han med odel. I 1802 kjøpte han garden Jåbekk i Holme og busette seg der. Han var ein driftig kar, og dreiv handel med både trelast og ullvarer. Varene kjøpte han på marknader, og selde dei vidare i heimbygda. Elles var han aktiv som smed og bøkker.

Jaabæk var i årevis prestens medhjelpar. I 1814 vart han vald til 2. utsending frå Mandals amt til riksforsamlingaEidsvoll. Han høyrde til unionspartiet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]