Erik Huseklepp
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Erik André Huseklepp | |
| Fødselsdato | 5. september 1984 | |
| Fødestad | Bærum i Noreg | |
| Høgd | 186 cm | |
| Posisjon | Midtbane (høgre, venstre), spiss | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Portsmouth | |
| Draktnummer | 10 | |
| Ungdomsklubb | ||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2004-05 2005-11 2011 2011- |
42 (9) 118 (29) 14 (2)[1] 2 (0)[1] |
|
| Landslag** | ||
| 2005-2006 2008- |
8 (1) 21 (6) |
|
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Erik Huseklepp (fødd 5. september 1984) er ein norsk fotballspelar. Han spelar for Portsmouth i den nest høgste divisjonen i England, Football League Championship.
Som 16-åring vart Huseklepp vraka frå juniorlaget til Fyllingen. Difor gjekk han til Vadmyra der han imponerte såpass mykje at Fyllingen ynskja å hente han attende føre 2004-sesongen. Etter returen markerte han seg såpass for 2. divisjonsklubben at han våren 2005 var ynskja av eliteserieklubbane Brann og Odd Grenland.
Han valde Brann, og gjorde seg med ein gong bemerka etter overgangen. I sin fyrste seriekamp på Brann Stadion scora han med sitt fyrste spark på ballen etter 19 sekund mot Fredrikstad, det raskaste målet ein Brann-spelar har scora i nokon seriekamp. Han heldt fram med å vere fyrsteval på venstrekanten resten av sesongen.
Etter ein overtydande start på Brannkarrieren klarte ikkje Huseklepp å følgje opp suksessen frå 2005-sesongen. Etter at Petter Vaagan Moen vart kjøpt frå Ham-Kam før sesongen 2006 sleit Huseklepp med å få speletid, og i ettertid har det vist seg at Huseklepp sleit med forma den sesongen.
Far hans Ingvald Huseklepp vart cupmeister for Brann i 1976, medan systera Elise Huseklepp er eliteseriespelar i handball for Tertnes.
10. juli 2007 var det kjend at Huseklepp kom fram til ein muntleg avtale om ein overgang frå Bergen til Nadderud og Stabæk.[2]. Dette forutsatte derimot at Stabæk kjøpte Huseklepp fri frå kontrakten med Brann før 1. september, noko dei ikkje gjorde. Huseklepp innleia derfor nye forhandlingar med Brann etter at sesongen 2007 var over[3]. Det var mange overgangsspekulasjonar kring Huseklepp hausten 2007, som kunne gå gratis kor han ville etter kontrakten med Brann var over, og i tillegg til Stabæk var både Viking, Vålerenga og Rosenborg ute etter signaturen hans. Frå utlandet viste både Club Brugge og Manchester City si interesse. 13. november 2007 signerte derimot Huseklepp ein ny 3-årsavtale med Brann. Han var Brann sin toppskårar i Tippeligaen i 2009, med 15 seriemål.
I januar 2011 vart han selt til italienske Bari i Serie A.
[endre] Karriere som spelar
(Sist oppdatert 4. mai 2010)
| Klubb | Kampar* | Mål* | Periode |
|---|---|---|---|
| 42 | 12 | 2004-2005 | |
| 99 | 21 | 2005- |