Erik Møse
Erik Møse (fødd 9. oktober 1950) er ein norsk og dommar i Noregs Høgsterett. Han blei utnemnd til høgsterettsdommar den 31. oktober 2008 og tiltrådde stillinga i Høgsterett 15. august 2009.
Erik Møse kom frå stillinga som dommar ved FN sin straffedomstol for Rwanda, som handsamar saker om Folkemordet i Rwanda. Han var frå 1999 til 2003 domstolen sin visepresident og til 2007 president i domstolen.
Møse er cand.jur. frå Universitetet i Oslo og har også studert i Genève. Han arbeidde fram til 1986 i Justisdepartementets lovavdeling som lovrådgjevar og byråsjef, og deretter som advokat hos Regjeringsadvokaten, her han etter kvart fekk møterett for Høgsterett. Frå 1993 til 1999 var han lagdommar i Borgarting lagmannsrett. Møse er tilknytta Universitetet i Oslo som føreleser. Han er æresdoktor ved Universitetet i Essex i Storbritannia.
Som jurist har Møse særleg arbeidd med folkerett og menneskerettar. Han har blant anna bidrege til utarbeidinga av tilleggsprotokollar til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og til menneskerettslovgjeving i norsk rett.
Møse blei 9. januar 2008 utnemnd til Kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteorden for sitt arbeid til fremme av menneskerettane.
Bibliografi [endre]
- «Impact of the human rights conventions on the two ad hoc Tribunals», i Morten Bergsmo (red.): Human rights and criminal justice for the downtrodden: essays in honour of Asbjørn Eide, 2003
- Menneskerettigheter, 2002
- «Norway», i Robert Blackburn og Jörg Polakiewicz (red.):Fundamental rights in Europe: the European Convention on Human Rights and its member states, 1950-2000, 2001
- «New rights for the new Court?», i Paul Mahoney et al. (red.): Protection des droits de l'homme: la perspective européenne. Mélanges à la mémoire de Rolv Ryssdal, 2000
- Fritak for undervisning i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsopplæring. Forholdet til Norges folkerettslige forpliktelser. Utredning avgitt til Kirke- utdannings- og forskningsdepartementet 22 januar 1997, 1997
Bakgrunnsstoff [endre]
- Presentasjon frå ICTR