Erik Satie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erik Satie

Erik Satie (17. mai 18661. juli 1925) var ein fransk pianist og komponist knytt til avantgarden i Paris i tiåra rundt 1900.

Han var ein føregangsmann for minimalisme i musikk, og er kjend for sine minimalistiske klaverstykke (som sine tre «gymnopediar»), ballettverk (Parade frå 1916 og Relâche frå 1924) og det symfoniske dramaet Socrate (1918). Satie var også ein forløpar for repetitiv musikk og for absurdisme, særleg absurd teater. I tillegg til å laga musikk skreiv han også tekstar for blad som dadaist-magasinet 391 og det amerikanske tidsskriftet Vanity Fair.

«Gymnopedie nr. 1» er blitt særleg kjend i Noreg gjennom TV-serien Sommeren på Mirabelløya frå 1975.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Satie var fødd i Honfleur i Normandie. Mor hans, Jane Leslie Anton, var av skotsk opphav medan faren, Jules Alfred Satie, var embetsmann (courtier maritime). Familien flytta til Paris i 1870 då faren fekk ei stilling som omsetjar der, men Erik og broren Conrad blei sende tilbake til besteforeldra i Honfleur to år seinare, då mor deira døydde. I 1878 døydde også bestemor deira, og gutane drog tilbake til Paris. Faren gifta seg opp att med ein pianolærar kort tid seinare. Tidleg i 1880-åra byrja Erik Satie å gje ut komposisjonar han sjølv og stemora hadde laga.

Satie i måleriet Moulin de la Galette av Ramon Casas (1891)

Erik Satie var ein eksentrikar som heller kalla seg «gymnopedist» eller «phonomètre» ('lydmålar') enn musikar eller komponist. Han studerte i to omgangar ved musikkonservatoriet i Paris (frå 1879 og frå 1885), der han blei sett på som ein talentlaus musikar. Seinare studerte han komposisjon ved Vincent d'Indy sin Schola Cantorum de Paris, men gjennomførte aldri systematiske musikkstudium.

«Gymnopedie nr. 1»
«Gnossienne nr. 4»

Etter eit kort opphald i militæret slo Satie seg ned i kunstnarbydelen Montmartre i 1887. Han blei knytt til kafé-kabareten Le Chat Noir, og byrja gje ut sine Gymnopédies, Ogives, Gnossiennes og liknande. Rundt 1891 blei han kapellmeister og komponist for Salon de la Rose + Croix, den rosenkrossinspirerte salongen til Joséphin Péladan. I denne stillinga skreiv han verk som Salut drapeau!, Le fils des étoiles og Sonneries de la Rose+Croix. På denne tida blei Satie ven og delte inspirasjon med komponistar som Claude Debussy og Maurice Ravel.

Mot slutten av 1893 braut Satie med Péladan og grunnla sin eigen orden, «Eglise Métropolitaine d'Art de Jésus Conducteur». Han skreiv ei rad artiklar, brev og pamflettar om sine religiøse og kunstnariske synspunkt. Mellom anna søkte han om å bli medlem i det prestisjetunge Académie Française, utan hell.

Satie brukte mange pengar på å trykka skriveria sine, og i 1897 måtte han slå seg ned i Arcueil, fem kilometer frå sentrum i Paris, på grunn av pengemangel. Frå 1899 byrja han tena pengar som kabaretpianist. Han arrangerte ei rekkje populære songar og skreiv sine eigne stykke, som «Je te veux», ein populær vals. Satie såg på dette arbeidet som «imot hans natur», men skreiv også stykke han sjølv tok seriøst, som Jack in the Box, ein pantomime-ballett inspirert av Jules Depaquit.

I 1905 blei Satie elev ved Schola Cantorum de Paris der han studerte klassisk kontrapunktteknikk, eit uventa steg både for lærarane ved skulen og for Satie sine kabaret-kumpanar. Han blei ein respektert elev ved skulen og fekk eit midtvegsdiplom i 1908.

Notebit frå Embryons desséchés (1913).

Frå om lag 1912 blei Satie sine korte, humoristiske pianostykke populære. Dei fleste av desse var skrivne utan taktstrekar. Rare små merknader i notene var også blitt eit varemerke for komponisten, og etter ei tid forbaud han einkvan frå å lesa dei opp under framføring av stykka.

Brev frå Erik Satie til Éva Gauthier med Satie sitt sjølvportrett.

Ei gruppe unge musikarar knytte til Ravel, «les Jeunes Ravêlites», byrja dyrka Satie sin tidlege musikk. Satie var først smigra, men forstod det etterkvart slik som at hans seinare verk blei oversett eller forkasta. For kunstnariske samarbeid såg han derfor til andre kunstnarar, som Roland-Manuel, Georges Auric og Jean Cocteau.

I 1916 laga han og Cocteau balletten Parade, som hadde premiere i 1917 framført av Sergej Djagilev sin Ballets Russes med koreografi av Léonide Massine og bakgrunn og kostyme av Pablo Picasso. Kort tid etter å ha skrive balletten danna Satie gruppa Nouveaux jeunes saman med Georges Auric, Louis Durey, Arthur Honegger og Germaine Tailleferre. Francis Poulenc og Darius Milhaud blei også med i gruppa, som blei kjend som Les Six etter at Satie trekte seg. Satie blei seinare knytt til gruppa igjen, men gjorde seg så til uvenns med dei fleste medlemmane.

Frå 1919 blei Satie knytt til dadaismerørsla, og i 1924 skreiv han balletten Relâche saman med Francis Picabia fir Rolf de Maré sin Ballets Suédois. Han skreiv også musikk til den surrealistiske kortfilmen Entr'acte av René Clair, som blei vist som mellomakt til balletten.

Satie hadde eit stort alkoholforbruk, mellom anna av absint, og han døydde av skrumplever i 1925. Han blei gravlagd i Arcueil. Etter hans død fann vennene hans ei rekkje ukjende komposisjonar i husveret hans, mellom anna orkesternotene til Parade, repetisjonsverket Vexations og ei rekkje scene- og pianoverk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erik Satie

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Erik Satie (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 2. oktober 2013.
Spire Denne musikkartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.