Erik Vullum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Vullum

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. desember 1850
Lund
Død

14. mars 1916 (65 år)
Lillehammer kommune

Yrke journalist, redaktør, politikar, biograf
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Ektefelle Margrethe Vullum
Erik Vullum på Commons

Erik Vullum (29. desember 185014. mars 1916) var ein norsk skribent, redaktør og folketalar, kjend for sin kamp for Venstre-saker i åra før 1884.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vullum var presteson, fødd i Lund i Rogaland. Då faren døydde før sonen var to år gammal, voks sonen opp hos morsfamilien i Trondheim. Der tok han artium i 1869. Han byrja lese til andreeksamen, men denne fullførte han ikkje då han som skribent og debattant engasjerte seg i striden Johan Sverdrup og Bjørnstjerne Bjørnson førte for synspunkta til venstrerørsla. Han skreiv i Dagbladet, ei avis han redigerte i ni månader i 1880.

Gjennom 1870-åra budde Vullum i utlandet i fleire periodar, mellom anna som korrespondent i Paris. Midt på 1870-talet gjekk han på Skovgaard folkehøjskole i Ordrup i Danmark. Der innleia han eit kjærleiksforhold til Margrete Rode, kona til rektoren ved skulen. Etter ho var skild frå ektemaken, inngjekk Vullum og Margrete Rode giftarmål i 1879. Vullum vart då svigerson til den framståande danske politikaren Orla Lehmann. Bryllaupsfeiringa gjekk føre seg på Aulestad.

I 1879 vart Vullum vald til formann i Det Norske Studentersamfund. Han gav i året 1881 ut tre biografiar om høvesvis Christian Magnus Falsen, Henrik Wergeland og franskmannen Leon Gambetta.

Ekteparet Vullum levde eit ustabilt liv, lenge basert på formuen hennar, og prega av hans ustadige forhold til alkohol og få faste inntekter. Dei budde i Valdres, på Askøy, og fleire stader på Austlandet. Åra mellom 1898 og 1905 budde dei utanlands, mellom anna i Italia. I 1912 slo dei seg ned på Lillehammer, der dei vart ein del av den kulturelle eliten i byen. Han fekk tildelt statsstipendiat i 1914, og var såleis sikra inntekt i sine siste år.

Vullum døydde i 1916 på Lillehammer, kona hans reiste då tilbake til Danmark og busette seg der.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Kristian Magnus Falsen, Grundlovens Fader. 1881
  • Leon Gambetta og den franske Republik. 1881
  • Henrik Wergeland i Digt og Liv : en historisk Skitse. 1881. Ny utgave 1908.
  • Følgerne af 9de Juni. 1883
  • Løsningen: dens Krav, Midler og Grændser. 1883
  • Menighedsraad?. 1887
  • Lykke. 1887
  • Himlene aabne? : et stykke. 1891
  • Unionen og dens Fremtid. 1894
  • Hvorledes Norge blev frit. 1914

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Noreng. «Erik Vullum» I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg.
  • Harald Tveterås. «Erik og Margrethe Vullum» I: Samtiden, nr 6, 1982
  • J. Lehmann. To nordmænd. København, 1958

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]