Erik Werenskiold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erik Werenskiold 1880.jpg
Foto: Friedrich Müller/Nasjonalbibliotekets arkiv
Erik Werenskiold teikna av Christian Krohg ca 1891
Erika Nissen måla av Erik Werenskiold ca. 1890

Erik Theodor Werenskiold (fødd 11. februar 1855 i Eidskog, død 23. november 1938) var ein norsk kunstmålar og teiknar. Han er best kjend for teikningane til dei norske folkeeventyra og illustrasjonane til Snorres Kongesoger, eit samarbeid som han leidde.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Faren var kommandant ved festninga i Kongsvinger, og Erik voks opp der. Han tok til å studere i 1872, men byrja kort tid etter i teikneundervisning hos Julius Middelthun ved Den kongelige norske Tegneskole i Christiania etter råd frå Adolph Tidemand. Han budde i München 1875-79, og i Paris 1881–83.

I 1883 flytta Werenskiold heim til Noreg. Han gjorde fleire bilete av norske bønder og landbrukslandskap, og portrett av kjende personar som Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Han hadde byrja å laga eventyrillustrasjonar allereie medan han var i München. Han illustrerte Norske folke- og huldreeventyr i 1879 og fortsette saman med Theodor Kittelsen med Eventyrbog for Børn i tre band i perioden 18821887. Med si særmerkte samansmelting av røyndom og fantasi sette dei ein standard for avbilding av dei norske eventyra. Werenskiold har og illustrert Jonas Lie Familien paa Gilje (1903), og laga veggdekorasjonar med motiv frå eventyret Liti Kjersti til Fridtjof Nansens villa PolhøgdaLysaker. Her utforma han også låsebeslag og anna.

Erik Werenskiold hadde sønene Werner Werenskiold (1883–1961) og Dagfin Werenskiold (1892–1977). Werner vart geolog, medan Dagfin vart målar og bilethoggar.

Werenskiold fekk i 1908 Statens kunstnarløn og vart i 1935 tildelt Storkorset av St. Olavs orden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erik Werenskiold