Erlend Loe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erlend Loe under litteraturfestivalen på Café Sting 2007
Foto:Jarle Vines

Erlend Loe (fødd 24. mai 1969) er ein norsk forfattar og omsetjar som har skrive ei rad bøker, både for vaksne og barn.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Loe er fødd i Trondheim 24. mai 1969. Etter andreklasse på vidaregåande var han utvekslingsstudent i Frankrike i eitt år, før han avslutta skulegangen som privatist. Han nekta millitæret og avtente siviltenesten ved teatergruppa Stella Polaris.

Loe tok graden cand.mag, med grunnfag folkeminnevitenskap og mellomfaga filmvitenskap og litteraturvitskap. Loe er også utdanna manuskriptforfatter ved Den Danske Filmskole i København, og gjekk ei tid ved Kunstakademiet i Trondheim.

Erlend Loe busette seg deretter i Oslo, der han har arbeidd som konsulent i Norsk filmfond. Hausten 1998 var han med på å starta Screenwriters Oslo, som er eit kontorfellesskap for manusforfattarar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Loe debuterte i 1993 med boka Tatt av kvinnen, og kom året etter ut med barneboka Fisken om truckføraren Kurt. Loe har ein spesiell skrivestil som ofte blir karakterisert som naivistisk. Forfattaren bruker ofte verkemiddel som ironi, overdriving og humor. Hovudpersonane i bøkene er ofte litt rare og fulle av eigne tankar om livet.

Alle barnebøkene til Loe er illustrert av Kim Hiorthøy. Alle bøkene er omsette till svensk. Bøkene om truckførar Kurt er omsette til tysk, dansk og italiensk, Den store røde hunden og Maria & José til dansk, Tatt av kvinnen til tysk og L til finsk. Naiv.Super., den mest suksessrike boka hans, er omsett til svensk, finsk, estisk, dansk, islandsk, nederlandsk, tysk, polsk, russisk, slovakisk, engelsk, italiensk og portugisisk.

Loe har sjølv omsett to diktsamlingar av amerikanske Hal Sirowitz til norsk.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Han har òg omsett ymse bøker til norsk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]