Erling Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Erling Sverdrup (23. februar 191715. mars 1994) var ein norsk statistikar. Han har fått mykje av æra for å ha bygd opp faga matematisk statistikk og det moderne aktuarstudiet i Noreg[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup var under heile andre verdskrigen engasjert i chifferteenesta. Han vart beordra til ei rekkje stader verda rundt for å organisere det norske chiffersambandet, og var deretter to og eit halvt år i London. Frå hausten 1944 og til slutten til krigen tenestegjorde han i Finnmark. Han fullførde aktuarembetseksamenen sin hausten 1945.

I 1948 vart Sverdrup vitskapleg assistent ved Forsikringsteknisk Seminar, der utdanninga av aktuarspesifikke fag føregjekk. Han var nokre studieår i USA som stipendiat og tok doktorgraden i 1952. I 1953 vart han utnemnt til professor i forsikringsmatematikk med matematisk statistikk ved Universitetet i Oslo, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon.

Han var æresmedlem av Norsk statistisk forening, og i samband med 70-årsdagen hans vart det utgjeve eit festskrift. Han var òg æresmedlem i Den Norske Aktuarforening, først og fremst for innsatsen sin for utvikling av aktuarfaget og aktuarutdanninga i Noreg[2]. I perioden 1968-1982 var han norsk redaktør av Scandinavian Actuarial Journal.

Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1954 og Det Kgl. Norske Videnskapers Selskap i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Borgan, Ø. (2004) Sverdrup, Erling (1917-1994). Encyclopedia of Actuarial Science sine (eid sin. J.L. Teugels and B. Sundt), vol 3, s. 1665-1666.
  2. E. Falk, G. Harbitz jr., H. Haugland og A. Aamodt: filt/2004312.pdf Den Norske Aktuarforening 100 år, 2004