Erna Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erna Solberg

Erna Solberg (fødd 24. februar 1961) er ein norsk politikar, sidan 2004 partileiar i Høgre. Ho har sete i regjering som kommunal- og regionalminister.

Solberg er utdanna cand. mag. med sosiologi mellomfag, samanliknande politikk mellomfag, statistikk DF, sosialøkonomi mellomfag og hovudfagskurs i statsvitskap.

Ho har hatt ei rekkje tillitsverv i studentpolitikken, i Bergen kommune og i partiet Høgre. Ho var leiar i Høgrekvinners Landsforbund 19931994 og kvinnepolitisk leiar i Høgre 1994–1998. Ho har òg vore medlem av Høgres arbeidsutval. I stortingsperioden 1993–1997 var ho medlem av Finanskomitéen i Stortinget og i perioden 1997–2001 var ho sekretær for Kommunalkomiteen. I 1993–1997 var ho medlem av Høgres gruppestyre på Stortinget. Ho var statsråd og sjef for kommunal- og regionaldepartementet i Noreg i perioden 20012005 i Regjeringa Bondevik II. Etter at Jan Petersen gjekk av som Høgre-leiar i 2004 overtok Solberg vervet. I 2005 vart ho utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden.

Solberg vart i 2003 truga på livet av ein innvandrar som hadde fått avslag på asylsøknaden, og har i store periodar etter dette vore verna kontinuerleg av livvakter frå politiet.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk