Erne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erne i Ballyshannon

Erne er ei elv nordvest på Irland. Ho har sitt utspring ved Lough Gowna i County Cavan og renn gjennom County Fermanagh og endar ved Ballyshannon i County Donegal. Ho er 120 km lang og er ei populær elv for aurefiske. Det ligg mange fiskeri langs elva og langs sideelvane hennar. Byen Enniskillen ligg hovudsakleg på ei øy i elva.

Elva er forbunde til elva Shannon via Shannon-Erne Waterway.

Elva har fått namnet sitt frå den mytiske prinsessa Éirne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen River Erne frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: