Ernest Bevin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernest Bevin

Ernest Bevin, (9. mars 188114. april 1951), var ein britisk fagforeiningsleiar og politikar. Han er best kjend for si tid som arbeidsminister i koalisjonsregjeringa under 2. verdskrigen, og som utanriksminister i den første etterkrigsregjeringa danna av arbeidarpartiet Labour.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

I yngre år[endre | endre wikiteksten]

Bevin var fødd i landsbyen Winsford i Somerset i England. Då han var åtte år gammal døydde mora, det er ikkje kjent kven faren var. Deretter flytte Bevin til halvsystra si familie i Morchard Bishop i Devon. Han fekk lite skulegang, slutta skulen då han var elleve år og byrja å arbeide. Seinare tok han til som lastebilsjåfør i Bristol. I 1910 vart han sekretær for lokalavdelinga av Dockers` Union (hamnearbeidar-forbundet), fire år etter organisator på landsbasis for same forbundet. Bevin var ein stor, kraftig og etter kvart tung mann. Han snakka med ei kraftig røyst, og med tydeleg lokal aksent. I alle samanhengar var han kjend for å føre ein direkte tale.

Fagforeingsleiar[endre | endre wikiteksten]

I 1922 var Bevin ein av dei leiande då ”Transport and General Workers Union” vart grunnlagd. Dette fagforbundet vart snart det største i Storbritannia. Bevin vart vald til generalsekretær i forbundet, og vart fort fagforeiningsrørsla viktigaste talerøyr i arbeidarpartiet (Labour). Politisk var han ein moderat sosialist, sterkt imot kommunisme og direkte aksjon. Han tok del i generalstreiken i 1926, men utan entusiasme.

Bevin var medlem av Labour frå då partiet vart danna, men hadde ikkje stor tru på parlamentspolitikken. Han gjekk dårleg saman med Labour sin første statsminister, Ramsey MacDonald, og var ikkje overraska då denne i 1931 danna allianse med det konservative partiet under den økonomiske krisa. Bevin var ein pragmatisk fagforeingsmann som satsa på å få konkrete fordelar gjennom direkte forhandlingar. Streik skulle berre brukast som ein siste utveg.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Bevin samarbeidde i 1930-åra med den konservative regjeringa i saker av praktisk art. I denne perioden vart han involvert i utanrikspolitikk. Han var ein sterk motstandar av fascisme og Storbritannias tilpassingspolitikk (”appeasement”) overfor fascist-maktene. I 1935 talte han for at Italia måtte straffast for å ha invadert Abyssinia (Etiopia). Han gjekk samstundes til frontalangrep på pasifistane i arbeidarpartiet, og i sær mot partileiaren George Lansbury.

Ministerpost[endre | endre wikiteksten]

Winston Churchill i mai 1940 overtok som statsminister i Storbritannia og danna ein brei koalisjon med representantar frå alle parti, valde han Bevin til posten som arbeidsminister. Bevin var fast bestemt på å setje sitt preg på posten. Ei særlov (”The Emergency Powers (Defence) Act”) gav han fullstendig kontroll over arbeidsstyrken og bruken av arbeidskrafta. Mellom anna var han ansvarleg for å trekke 48 000 mann ut av militær teneste for at dei skulle arbeide i kolindustrien. Kort etter han vart utnemnt til ministerposten vart han utan motkandidat vald inn i underhuset for London-krinsen Wandsworth Central.

Utanriksminister[endre | endre wikiteksten]

Arbeidarpartiet vann parlamentsvalet i 1945 med stort fleirtal. Statsministeren, Clement Attlee, utnemnte Bevin til utanriksminister. Storbritannia var i dei første etterkrigsåra nærast bankerott, samstundes som landet hadde eit svært stort flyvåpen og ein stor ståande hær. Strevet med å dekke kostnadene med desse, og dei US-amerikanske låna, kravde stram styring over importen og over pengebruken i koloniane.

Bevin la til rette for ei rask tilbaketrekking frå India og andre oversjøiske territorium der nasjonale rørsler stod så sterkt at direktestyre ikkje let seg gjennomføre. Han gjorde derimot lite for å løyse banda til klientstatar som Egypt og Irak. Og i Afrika såg han føre seg britisk kontroll i lang tid, mellom anna godkjende han bygginga av ein stor militærbase i Aust-Afrika.

Bevin vidareførde det nære tilhøvet til Frankrike i utanriks-spørsmål. Underskrivinga av Dunkerque-avtalen i 1950 viste at ein såg føre seg eit tett forhold mellom alliansepartnarane også i tiåra som skulle kome.

Bevin var ein sterk støttespelar til USA i desse tidlege åra av den kalde krigen. To av nøkkel-institusjonane i etterkrigstida, NATO og Marshall-planen for gjenreising av Europa, var for ein del følgjene av Bevin sitt strev. Denne politikken, som skilde seg lite frå det konservative partiet sin politikk, vekte sterk misnøye i delar av hans eige parti.

Byste av Ernest Bevin

Bevin, Palestina og Israel[endre | endre wikiteksten]

Som utanriksminister makta ikkje Bevin å sikre Storbritannias målsettingar for det britiske mandatområdet Palestina. Han var imot sionist-rørsla sine planar om å opprette ein jødisk stat. I staden gjekk han inn for å danne ein arabiskstyrt stat i det vestlege Palestina. Han møtte mykje motbør då han førte ein politikk som innebar at overlevande frå holocaust vart send tilbake til flyktningleirar i Europa. Sjølv vart han harm over at USA ikkje opna for innvandring av fleire jødiske flyktningar.

Bevin var rasande på sionistiske opprørsgrupper som Irgun og Lehi, då desse gjekk til angrep på britiske troppar. Storbritannias veike økonomi og finansielle avhengigheit av USA gjorde at Bevin gav etter for USA sitt press. Dette førte til at Storbritannia tidleg i året 1947 overlet til FN å avgjere framtida for Palestina.

Bevin gjekk av som utanriksminister i mars 1951, grunna sviktande helse. Fem veker seinare døydde han. Han vart gravlagt i Westminster Abbey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]