Ernest Walton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernest Thomas Sinton Walton
Ernest Walton.jpg
Ernest Thomas Sinton Walton
Fødd 6. oktober 1903
Dungarvan i Irland
Død 25. juni 1995 (91 år)
Belfast i Nord-Irland
Nasjonalitet Irsk
Område Fysikk
Institusjonar Trinity College Dublin
University of Cambridge
Methodist College Belfast
Doktorgradsrettleiar Ernest Rutherford
Kjend for Den første oppløysinga av ein atomkjerne med kunstig akselererte proton (splitta atom)
Utmerkingar Hughesmedaljen (1938)
Nobelprisen i fysikk (1951)

Ernest Thomas Sinton Walton (6. oktober 190325. juni 1995) var ein irsk fysikar.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1951 saman med John Cockcroft for arbeidet med endringa av atomkjernen gjennom kunstig akselererte atom (òg kalla atomspalting).

Frå 1927 til 1934 var han stipendiat ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då vart leia av Lord Rutherford. Frå 1934 var han tilknytt Trinity College i Dublin. Han var professor der frå 1946 til 1974. I Cambridge arbeidde Walton med utvikling av partikkelakseleratorar, og konstruerte saman med John Cockcroft eit høgspenningsanlegg, den såkalla Cockcroft-Walton-generatoren. Ved å akselerere proton med denne til ein energi på 500 (seinare 700) keV, og sende protona mot eit litiumtarget, fann dei i 1932 at det vart frigjort a-partiklar. Reaksjonen som føregjekk var den første kjende kjernereaksjonen indusert ved kunstig akselererte partiklar, og oppdaginga blir rekna som innleiinga til moderne eksperimentell kjernefysikk. Walton fekk saman med Cockcroft i 1951 Nobelprisen i fysikk for arbeidet sitt på dette området.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]