Ernst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Namnetrekket til Ernest Hemingway.

Ernst er eit mannsnamn av gammalhøgtysk opphav. Det kjem frå ordet ernust, som tyder 'alvor'. Ernst er òg eit slektsnamn.

Det finst fleire andre namneformer, som fransk-engelsk Ernest, engelsk Earnest, italiensk og spansk Ernesto, sorbisk og tsjekkisk Arnošt og ungarsk Erneszt. Erni, Ernie og Ernö er kortformer. Ernesta, Ernestine og Erna er kvinnelege former av namnet.

Ernst har namnedag den 2. mars.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ernst er utbreidd i Tyskland, der det særleg blei brukt ved byrjinga av 1900-talet. Også i Noreg blei namnet mest gjeve tidleg på 1900-talet. Frå ca. 1890 til ca. 1905 og frå ca. 1915 til ca. 1945 fekk over 0,15 % av nyfødde gutar namnet Ernst. Etter 1945 gjekk bruken jamnt nedover, og ved slutten av hundreåret var det blitt svært uvanleg.

I 2009 var det 1 691 norske menn som heitte Ernst.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Etternamn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]