Ernst August av Braunschweig-Lüneburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernst August
Celle Schloss Ernest Augustus, Elector of Hanover 01.JPG
Ernst August, hertugen av Braunschweig-Lüneburg
Hertug av Braunschweig-Lüneburg
Kurfyrste av Braunschweig-Lüneburg
Regjeringstid 1679–1698
Fødd 20 November 1629
Fødestad Herzberg am Harz
Død 23. januar 1698
Dødsstad Herrenhausen
Føregjengar John Fredrik av Braunschweig-Lüneburg
Etterfølgjar Georg Ludwig
Gift med Sofia av Pfalz
Far Georg av Braunschweig-Lüneburg
Mor Anne Eleonore av Hessen-Darmstadt
Born Georg I av Storbritannia
Friedrich Augustus
Maximilian Wilhelm
Sofia Charlotte, dronning i Preussen
Karl Philipp
Christian Heinrich
Ernst August, hertugen av York

Ernst August (20. november 162923. januar 1698) var hertug av Braunschweig-Lüneburg og regjerte over fyrstedømet Calenberg (med hovudstad i Hannover). Han vart utpeikt som kurfyrste, men døydde før dette kom i stand. Han var ?og administrator for fyrstbiskopen av Osnabrück.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ernst August vart fødd i Herzberg am Harz, som son av Georg av Braunschweig-Lüneburg og Anne Eleonore av Hessen-Darmstadt (Ernst August stamma frå Albertin-linja til Huset Habsburg og Huset Hohenzollern). I 1658 gifta han seg med Sofia av Pfalz i Heidelberg. Som den fjerde sonen hadde han liten sjanse til å ta over etter faren som herskar, så i 1662 vart han utpeikt som administrator av Osnabrück. I følgje freden i Westfalen skulle kvar nestleiande av Osnabrück utpeikast til hertugar av Braunschweig-Lüneburg. Etter at to av dei eldre brørne hans døydde utan søner, arva Ernst August delar av faren sine område i 1679, nemleg Calenberg (inkludert Göttingen).

I 1683, etter protestar frå dei fem yngre sønene hans, innførte Ernst August førstefødselsrett, slik at området hans ikkje vart vidare delt etter han døydde. Dette var òg eit førebuande vilkår for å få stillinga som kurfyrste. Han deltok i den store tyrkiske krigenLeopold I av Det tysk-romerske riket si side. I 1692 vart han utpeikt til kurfyrste av keisaren, me kurfyrsteskapet tredde ikkje i kraft før i 1708. Ernst August døydde i 1698 i Herrenhausen. Han vart etterfølgd som hertug av den eldste sonen sin, Georg I Ludvig, som seinare vart konge av Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]