Ernst Bojesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Bojesen

Statsborgarskap Danmark
Fødd 23. februar 1849
Sorø
Død

10. juli 1925 (76 år)
København

Yrke forleggjar
Ernst Bojesen på Commons

Ernst Severin Jens Bojesen (23. februar 184910. juli 1925) var ein dansk forleggar. Han dreiv bok-, papir- og kunsthandel i København. Frå 1878 dreiv han Ernst Bojesens kunstforlag. 1895 vart Nordiske Forlag stifta. Det kom til ved ei samanslåing av Bojesen si forlagsverksemd, P.G.Philipsen Forlag og det Kgl. Hofmusikhandel. Bojesen vart ein av direktørane. Philipsen var då i ferd med å utgi Danmarks Riges Historie. Historikarane som skreiv verket var skeptisk til Bojesen. Dei såg på han som ein useriøs utgjevar av humorblad og julehefte. Med Bojesine salsmetodar selde historieverket langt meir enn forventa.

Av andre kjende bokutgjevingar Bojesen stod bak merkar ein seg særleg jubileumsutgåvene av Holbergs Komediar (1883-88), og H.C. Andersens eventyr (1905).

Han gav og ut mindre seriøse bøker og hefte, slik som Oldfux, Blæksprutten, Juleroser og Børnenes Juleroser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]