Ernst Jaakson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ernst Jaakson (fødd 11. august 1905 i Riga, død 4. september 1998 i New York) var ein estisk diplomat. Han er kjend for å ha halde det estiske generalkonsulatet i New York i drift gjennom dei tiåra då Estland var innlemma i Sovjetunionen.

Jaakson studerte ved Universitetet i Tartu og heldt fram studia sine i USA, der han tok bachelorgraden i økonomi ved Columbia University. Etter enda utdanning og verneplikt gjekk han inn i utanrikstenesta. Frå 1929 til 1932 var Jaakson ved det estiske konsulatet i San Francisco. I 1932 vart han stasjonert ved generalkonsulatet i New York. USA anerkjende ikkje okkupaskonen og innlemminga til Sovjetunionen, men heldt fram det diplomatiske sambandet med Estland, noko som innebar at generalkonsulatet i New York heldt fram drifta og at personalet der framleis hadde diplomatisk status. Etter at andre ved generalkonsulatet hadde falle frå, vart Jaakson i 1965 leiar av generalkonsulatet. Dermed vart Jaakson også eit symbol på håpet om fridom for Estland og ein representant for kontinuiteten i Estland sitt sjølvstende. Etter at Estland fekk att sjølvstendet i 1991 vart Jaakson utnemnd til estisk ambassadør i USA og til landet sin permanente representant til FN. Han heldt frå 1993 fram som generalkonsul i New York.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]