Ernst Kummer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Eduard Kummer (29. januar 1810–14. mai 1893) var ein tysk matematikar.
Han tok doktorgraden i 1831 og vart professor i Breslau frå 1842 og i Berlin frå 1855. Kummer er særleg kjend for læra si om ideale tal, som dannar grunnlaget for den algebraiske talteorien. Det lukkas han å bevise Fermats sats for mange eksponentar, og for desse arbeida vart han tildelt den store prisen til Det franske vitskapsakademiet i 1857. Kummer interesserte seg òg for geometri, og mellom anna er ei viktig fjerdegradsflate som han konstruerte kalla opp etter han, Kummer-flate) og analyse, i tillegg til bruksfysikk. Han skreiv mellom anna fleire fysiske arbeid om refraksjon og ballistikk.
[endre] Kjelder
- Ernst Eduard Kummer. (2011-11-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Ernst_Eduard_Kummer