Ernst Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ernst Willy Larsen (fødd 18. juli 1926) frå Ranheim er ein norsk, tidlegare friidrettsutøvar og arbeidar på Ranheim Papirfabrikk. Han vann bronsemedaljen på 3000 m hinder både under EM 1954 og under sommar-OL 1956. Larsen, med kallenamnet «Kruska», vann åtte norske meisterskap på bane (fem på 3000 m hinder, to på 5000 m og eitt på 10 000 m), samt fire i 3 km terrengløp. Han vart tildelt kongepokalen for 1957 etter gullmedaljar i hinderløp og terrengløp. Larsen var medlem av SK Wing fram til 1952, sidan av Ranheim Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Larsen vann sine fyrste NM-medaljar i Bergen i 1950. Han vann sølv både på 5000 m og på 3000 m hinder, i hindertevlinga fekk han og vinnaren Alv Kveberg same tid; 9.30,2. Året etter vart han noregsmeister for fyrste gong og sette sin fyrste norgesrekord, då han på 3000 m hinder kom i mål på tida 9.14,6 og distanserte dei andre medaljevinnarane. Etter eitt års pause kom han tilbake i 1953, vart då slått av Hallgeir Brenden i hinderløpet.

I juli 1954 sprang Larsen den norske rekorden på 3000 m hinder ned under 9 minuttar; 8.59,2 under eit stemne på Bislett stadion. Tolv dagar seinare forbetra han rekorden med to sekundar og viste god form framfor europameisterskapen i Bern. Larsen deltok der i sitt fyrste store meisterskap og gjorde eit kjempeløp på 3000 m hinder. Sándor Rozsnyói frå Ungarn, som sette ny verdsrekord, makta han ikkje å fylgje til målstreken, men Larsen og finske Olavi Rinteenpää kjempa drabeleg om sølvmedaljen. Finnen slo Larsen med åtte tidels sekundar, men Larsens 8.53,2 sikra bronsemedalje og ny norsk rekord.

Under noregsmeisterskapen 1955 vart Larsen dobbelmeister for fyrste gong, i hinder var han suveren med tida 8.50,6, medan han på 5 000 spurtslo lagkameraten Øystein Saksvik og kom i mål på tida 14.14,0, ny norsk rekord.

1956 og sommar-OL i Melbourne[endre | endre wikiteksten]

I OL-sesongen 1956 sette Larsen norsk rekord på 3000 m hinder på 8.45,4 ei veke føre NM i august, og under NM forbetra han rekorden til 8.42,6. Knappe tre veker deretter presterte han sitt livs snøggaste hinderløp, då han kom i mål på 8.42,4 heime i Trondheim og sette ein norsk rekord som stod i ti år. I oktober månad tok han tilbake noregsrekorden på 5 000 m då han oppnådde tida 14.07,4 under ein friidrettslandskamp i Bucuresti. Alle desse løpa viste at Larsen var mellom dei fremste medaljekandidatane på 3000 m hinder i sommar-OL 1956 i Melbourne.

Larsen sprang i det fyrste av to kvalifiseringsheat i Melbourne. Her møtte han verdsrekordhaldaren Sándor Rozsnyói, som i september hadde forbetra rekorden med over fire sekundar til 8.35,6. Rozsnyói vann løpet på 8.46,6, medan Larsen vart tredjemann på 8.46.8, fem mann i feltet gjekk vidare til finalen.

Ti mann var kvalifisert til finalen, ein av desse, polske Zdzisław Krzyszkowiak møtte ikkje. Briten John Disley tok føringa, men ved fyrste vassgravpassering gjekk Larsen i teten og leia dei neste seks rundane med «mellom 10 og 14 meter». Vel 400 meter før mål ville briten Chris Brasher gå forbi leiaande Semjon Rjisjtsjin frå Sovjetunionen og pressa då ut Ernst Larsen som sprang jamsides i den andre løpebanen. Larsen kom litt ut av balanse, og «svingdommeren hevet flagget». Brasher storma i mål på tida 8.41,2, medan Sándor Rozsnyói sprang forbi Larsen i oppløpet. Tidene på dei to vart høvesvis 8.43,6 og 8.44,0. Få minuttar seinare vart dei to sistnemnde proklamert som gull- og sølvmedalevinnarar, Brasher var diska. Brasher klaga på avgjerda og vart tilkjend gullmedaljen tre timar seinare.

Midtsommars i 1957 forbetra Larsen sin eigen norske 5000-m-rekord til 14.03,8 på Bislett. Under NM kom han i hinderløpet i mål på 8.50,6 og vart tildelt kongepokalen.

Han la opp i 1960.

Ernst Larsen sette 14 norske rekordar; elleve på 3000 m hinder og tre på 5000 m.

Medaljar i norske og internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1950: NM-sølv både på 5000 m og 3000 m hinder
  • 1951: NM-gull på 3000 m hinder
  • 1953: NM-sølv på 3000 m hinder og bronse på 5000 m
  • 1954: EM-bronse på 3000 m hinder
  • 1955: NM-gull både på 5000 m og 3000 m hinder
  • 1956: OL-bronse og NM-gull på 3000 m hinder
  • 1957: NM-gull på 3000 m hinder
  • 1958: NM-gull både på 5000 m og 10000 m
  • 1959: NM-gull på 3000 m hinder

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Ernst Larsen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken, Oslo 1957
  • Sportsboken, aktuelle årgangar