Ernst Sejersted Selmer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Sejersted Selmer (11. februar 1920–8. november 2006) var ein norsk matematikar.
Han vart cand. real. i 1945. Frå 1946 til 1957 var han universitetslektor ved Universitetet i Oslo. I 1953 vart han dr.philos. I 1957 vart han professor i rein matematikk ved Universitetet i Bergen. Han vart medlem av Det norske vitskapsakademiet i 1961 og vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1983. Etter pensjonering i 1990 flytta han til Ski.
Selmer står bak algoritmen som blir brukt for å berekne kontrollsifra i norske fødselsnummer.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ernst S. Selmer» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Ernst S. Selmer: «Personnummerering i Norge: Litt anvendt tallteori og psykologi», Nordisk matematisk tidsskrift, 1964.