Ernst Thälmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernst-Thaelmann.jpg

Ernst Thälmann (16. april 188618. august 1944) var leiaren i det tyske kommunistpartiet KPD under mykje av Weimar-republikken. Han vart arrestert av Gestapo i 1933 og heldt i einecelle i elleve år, før han vart skoten på Adolf Hitler sin ordre i 1944.

Thälmann vart fødd i Hamburg, og medlem i det tyske sosialdemokratiske partiet SPD frå 1903. Han var arbeidar, og gifta seg med Rosa Koch i 1915, før han vart sendt i krigen. I slutten av 1917 vart han medlem i det venstresosialistiske antikrigspartiet USPD. Då den tyske novemberrevolusjonen tok til, 9. november 1918, fór han heim frå fronten.

Då USPD vart kløyvd i 1920, vart Thälmann med over i KPD, og der vart han snart vald inn i sentralkomiteen. Han mista jobben av politiske grunnar i 1921, og i 1922 vart han og familien forsøkt drepne då høgreorienterte nasjonalistar kasta ein handgranat inn i husværet deira. Thälmann var med på organiseringa av den mislykka oppstanden i Hamburg i 1923, og måtte gå under jorda ei rid.

Frå februar 1924 var Thälmann viseformann i KPD. Frå mai same året var han medlem i den tyske riksdagen, og same året vart han vald inn i Komintern sin eksekutivkomite. I 1925 vart han først leiar i Rote Frontkämpferbund, KPD sin forsvarsorganisasjon, og sidan leiar i partiet. Han var òg presidentkandidat for KPD ved valet dette året. I 1927 vart Thälmann såra av eit sverdslag då han deltok i ein demonstrasjon i Berlin.

Ved den 12. partikongressen til KPD (9. juni-15. juni 1929) slo partiet og Thälmann inn på ei konfrontasjonslinje overfor SPD. Dette var etter at 32 menneske vart drepne av politiet under maidemonstrasjonar som var forbodne av innanriksminister Carl Severing frå SPD. Thälmann følgde retningslinjene frå Komintern, som i denne perioden gjekk ut på at sosialdemokratar og sosialistar var «sosialfascistar».

Den 13. mars 1932 var Thälmann igjen presidentkandidat, mot Paul von Hindenburg og Adolf Hitler. KPD sitt slagord var: «Ei stemme for Hindenburg er ei stemme for Hitler, og ei stemme for Hitler er ei stemme for krig.» Kort tid etter dette foreslo Thälmann einskapsfront med SPD mot Hitler. Etter Hitler vart kanslar 30. januar 1933 foreslo Thälmann at KPD og SPD saman skulle organisere ein generalstreik men dette vart ikkje noko av. Den 7. februar var det sentralkomitemøte i det allereie forbodne KPD, der Thälmann understreka at væpna kamp for å styrte Hitler-regimet var nødvendig. Den 3. mars vart han arrestert av Gestapo i Berlin.

Han såg fram til rettssaka, men den vart aldri halden. Regimet ottast at han ville bruke rettssaka som plattform for ein appell til verdsopinionen mot Hitler, slik Georgi Dimitrov hadde gjort i rettssaka etter riksdagsbrannen. Då han fylte 50 år den 16. april 1936 fekk han helsingar frå menneske over heile verda. Same året braut den spanske borgarkrigen ut, og to bataljonar i dei internasjonale brigadane vart kalla opp etter han.

Ernst Thälmann tilbringa over elleve år i einecelle. Den 17. august 1944 vart han overført frå fengselet i byen Bautzen til konsentrasjonsleiren Buchenwald, der han dagen etter vart skoten og kroppen hans straks vart brend, slik Hitler hadde gitt ordre om. Nazistane hevda sidan at han og Rudolf Breitscheid hadde omkome i eit bombeåtak 23. august.

Etter krigen vart Ernst Thälmann mykje heidra i Aust-Tyskland, med skolar, fabrikkar, gater og jamvel barneorganisasjonen til kommunistane oppattkalla etter han. I 1960-åra kalla Cuba opp ei lita øy etter han.

Då han leidde KPD godtok Thälmann det sovjetiske hegemoniet i den internasjonale kommunistrørsla og over KPD. Dei som ville ha ein meir sjølvstendig kurs vart sette på sidelinja. Dette har vorte kritisert av mange på den tyske venstresida. Clara Zetkin meinte Thälmann var «uinformert og teorisvak». KPD si linje med å sjå SPD som ein fiende, særleg frå 1929, blir ofte kritsert for å ha svekt dei anti-nazistiske kreftene.

Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen [1]