Ernst von Siemens’ musikkpris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ernst von Siemens' musikkpris er ei utmerking som vart skipa i 1972. Sidan 1974 har prisen vorte utdelt årleg av Bayerische Akademie der Schönen Künste på vegne av Ernst von Siemens Musikstiftung. Hovudprisen på 250 000 euro vert tildelt ein utvald komponist, musikar eller musikkvitar. Frå og med år 1990 har ein i tillegg delt ut støtteprisar til to eller tre unge, lovande komponistar. Den samla prissummen er på 3 millionar euro.

Ernst von Siemens' musikkpris har fått namn etter industriherren og kunstvelgjeraren Ernst von Siemens (1903-1990), barnebarn av Werner von Siemens. Prisen har svært høg status i musikkverda og har vorte kalla «Nobelprisen i musikk». På lista over prisvinnarar står namn som Benjamin Britten, Olivier Messiaen, Herbert von Karajan, Leonard Bernstein og Anne-Sophie Mutter. I 2013 vart prisen tildelt Mariss Jansons som stod som hovuddirigent av Oslo-filharmonien gjennom ei årrekkje.

Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

Olivier Messiaen vart tildelt musikkprisen i 1975.

Støtteprisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Michael Jarrell, George Lopez
  • 1991: Herbert Willi, Ensemble Avantgarde
  • 1992: Beat Furrer, Benedict Mason
  • 1993: Sylvia Fomina, Param Vir
  • 1994: Hans-Jürgen von Bose, Marc-André Dalbavie, Luca Francesconi
  • 1995: Gerd Kühr, Philippe Hurel
  • 1996: Volker Nickel, Rebecca Saunders
  • 1997: Moritz Eggert, Mauricio Sotelo
  • 1998: Antoine Bonnet, Claus-Steffen Mahnkopf
  • 1999: Thomas Adès, Olga Neuwirth
  • 2000: Hanspeter Kyburz, Augusta Read Thomas, Andrea Lorenzo Scartazzini
  • 2001: Isabel Mundry, André Werner, José María Sánchez Verdú
  • 2002: Mark Andre, Jan Müller-Wieland, Charlotte Seither
  • 2003: Chaya Czernowin, Christian Jost, Jörg Widmann
  • 2004: Fabien Lévy, Johannes Maria Staud, Enno Poppe
  • 2005: Sebastian Claren, Philipp Maintz, Michel van der Aa
  • 2006: Jens Joneleit, Alexander Muno, Athanasia Tzanou
  • 2007: Vykintas Baltakas, Markus Hechtle
  • 2008: Dieter Ammann, Márton Illés, Wolfram Schurig
  • 2009: Francesco Filidei, Miroslav Srnka, Lin Yang
  • 2010: Pierluigi Billone, Arnulf Herrmann, Oliver Schneller
  • 2011: Steven Daverson, Hèctor Parra, Hans Thomalla
  • 2012: Luke Bedford, Zeynep Gedizlioğlu, Ulrich Alexander Kreppein
  • 2013: David Philip Hefti, Samy Moussa, Marko Nikodijevic

Kjelder[endre | endre wikiteksten]