Erobringa av Menorca i 1708

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erobringa av Menorca
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Cales Coves.jpg
Dato 14. til 21. september 1708
Stad Menorca i Spania
Resultat Engelsk-nederlandsk siger. Menorca annektert av Storbritannia i 1713
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flagget til Spania Spania
Kommandantar
Det britiske flagget James Stanhope
Det britiske flagget George Wade
Det britiske flagget Sir John Leake

Erobringa av Menorca gjekk føre seg frå den 14. til den 21. september 1708, då øya Menorca vart erobra frå Spania av britisk-nederlandske styrkar på vegne av Karl VI av Det tysk-romerske riket, den austerrikske tronpretendenten til den spanske trona under den spanske arvefølgjekrigen. Britane annekterte seinare øya som sitt eige område under Freden i Utrecht i 1713.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1702 hadde ein kjempa ein krig om kven som skulle arve den spanske trona. Britane og nederlendarane støtta den austerrikske kandidaten, medan Frankrike og hennar allierte støtta ein fransk kandidat. I 1704 hadde ein engelsk-nederlandsk flåte erobra Gibraltar og slått ein spansk flåte i slaget ved Vélez-Málaga. Dei allierte styrkane hadde òg gått i land i Catalonia der dei erobra Barcelona i 1705. Katalanarane støtta i hovudsak den austerrikske kandidaten og mange vart med i styrkane til dei allierte.

Landgang[endre | endre wikiteksten]

General James Stanhope kommanderte styrkane som erobra Menorca.

Den 14. september 1708 gjekk ein engelsk-nederlandsk marinestyrke kommandert av general James Stanhope i land på øya Menorca og kringsette hovudstaden Port Mahon. Innbyggjarane på øya var som fleste katalanarar for Austerrike, og tok imot britane og nederlendarane som frigjerarar. Ei veke seinare overgav den fransk-spanske garnisonen seg.[1]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Britane innsåg potensialet til Menorca som ein britisk marinebase og ønskte å ta full kontroll over øya. Dette vart anerkjend med freden i Utrecht.[2] Etter dette auka handelen på øya og britane auka velstanden på øya ved å ved å byggje opp mange av festningsverka der.

Britane okkuperte øya av og på fram til 1802 då ho omsider vart gjeven attende til Spania for godt. I løpet av denne perioden vart Menorca ein viktig del av det britiske tryggleiksnettverket i Middelhavet med ein stor marinebase.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Capture of Minorca (1708)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2011.
  • Chartrand, Rene. Gibraltar 1779-83: The Great Siege. Osprey, 2006.
  • Rodger NAM. Command of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815. Penguin Books, 2006.
  • Simms, Brendan. Three Victories and a Defeat: The Rise and Fall of the First British Rike. Penguin Books (2008)
  1. Chartrand s.14
  2. Simms s.64
  3. Chartrand p.13-14