Erobringa av Vigo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erobringa av Vigo
Del av kvadrupelalliansekrigen
Dato oktober 1719
Stad Galicia i Spania
Resultat Britisk siger,
Vigo fell
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Kommandantar
Det britiske flagget Lord Cobham
Det britiske flagget James Mighels
Det britiske flagget Jarlen av Dunmore
Det britiske flagget John Ligonier
Styrkar
8 linjeskip
8 bombefartøy og brannskip
4 000 soldatar[1]

Erobringa av Vigo skjedde i 1719 under kvadrupelalliansekrigen då eit britisk tokt gjekk i land på kysten av Spania og erobra Vigo. Dei okkuperte byen i ti dagar før dei trekte seg attende. Toktet vart kommandert av Lord Cobham med marinestyrkar kommandert av viseadmiral James Mighels.

Styrkane gjekk lenger inn i landet så langt som til Pontevedra. Toktet vart utført som ein hemnaksjon for den spanske involveringa i jakobittopprøret, der spanske soldatar hadde gått i land i Skottland og vart slått i slaget ved Glen Shiel.[2] Toktet var òg meint for å demonstrere for spanjolane at dei allierte styrkane lett kunne slå til langs den sårbare kystlinja deira, og var koordinert med eit fransk åtak aust i Spania[3], i håp om at dette ville tvinge Spania til forhandlingsbordet. Spanjolane forstod kor sårbare dei var og dei allierte kunne opne ein ny front, borte frå den franske grensa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Capture of Vigo» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2012.
  • Rodger, N.A.M. The Control of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815. Penguin Books, 2006.
  • Simms, Brendan. Three Victories and a Defeat: The Rise and Fall of the First British Empire. Penguin Books, 2008.
  • Fernández Duro, Cesáreo. Armada española desde la unión de los reinos de Castilla y de León, tomo VI. Sucesores de Rivadeneyra, 1902.
  1. Duro p.171
  2. Rodger s.229
  3. Simms p.141