Erteblomfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ertefamilien)
Gå til: navigering, søk
Erteblomfamilien


Vårerteknapp
Vårerteknapp

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Fabales
Familie: Fabaceae
Vitskapleg namn
Fabaceae

Erteblomfamilien eller erteblomsterfamlien er ein plantefamilie i gruppa tofrøbladingar.

Artane i familien omfattar urtevekstar, buskar, tre og lianar. Dei har oftast finna eller kopla blad med øyreblad (stiplar). Dei har uregelrett blomster med samblada femtagga beger og fem ulike kronblad. Det øvre kronbladet, seglet, er størst, på sidene er venganen, og nedst to samanvaksne blad, kjølen. Blomane har ti mjølberarer og ein griffel. Dei dannar ein skolm, oftast med fleire frø.

Erteblomfamilien er den tredje største plantefamilien som finst i talet på artar. Han omfattar 19 327 arter fordelt på 727 planteslekter.[1] Av dei finst 20 slekter i Noreg. Berre orkidefamilien (Orchidaceae) med 22–25 000 og korgplantefamilien (Asteraceae) med rundt 22 000 har fleire artar. Ein finn særleg artar frå familien i temperert klima.

I erteblomfamilien finst ei rekkje belgfrukter som blir brukt som mat, mellom anna erter, bønner og peanøtter, fôrplantar som soya, kløver, vikke og luserne, fargeplantar som ginst og Indigofera og prydplantar som lupin og gullregn.

Sophora tetraptera i erteblomfamilien.
Medicago truncatula
Lathyrus cicera i erteknappslekta.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Mimosafamilien (Mimosoideae) er ein sannsynleg underfamilie i erteblomfamilien. Han omfatter ca. 3 200 artar fordelt på 60 slekter. Det same gjeld tamarindfamilien (Leguminosae-Caesalpinioideae), ein sannsynleg underfamilie med ca. 400 artar.

Erteblomfamilien, mimosafamilien og tamarindfamilien inngår alternativt i ei større eining eller «overfamilie» som kan kallast Leguminosae. På den internasjonale botaniske kongress i Wien 30. juni 2005 blei det gjort oppryddingar i slektene under mimosafamilien, mellom anna akasieslekten.[2] Undergruppene og artane som inngår i underordenen Leguminosae blir forvalta av ein eigen organisasjon ved Universitetet i Reading i Storbritannia.[3][4]

Under er ei detaljert liste av artane i erteblomfamilien utan mimosafamilien, basert på APG II-systemet og nordisk botanikk.[5]

Norske slekter i ertefamilien[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erteblomfamilien

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewis, G., B. Schrire, B. MacKinder, and M. Lock (eds). 2005. Legumes of the world. Royal Botanical Gardens, Kew, UK.
  2. International Code of Botanical Nomenclature (Vienna Code). – navn autorisert gjennom Artikkel 18.5 i «Viennakoden».
  3. Herbarium RNG and Plant Identification Service. The Harborne Building. University of Reading.
  4. ILDIS (International Legume Database & Information Service)
  5. Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red.): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007). ISBN 978-82-05-32563-0