Erter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erter


Doperwt rijserwt peulen Pisum sativum.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Fabales
Familie: Fabaceae
Slekt: Pisum
Art: P. sativum
Vitskapleg namn
Pisum sativum

Erter eller hageert (Pisum sativum) er ein art i erteblomsterfamilien som vert nytta som mat og dyrefôr. Erter vert òg dyrka for å forbetra jordsmonet og som prydplante. Planten har mange ulike kultivarar, som sukkererter, margerter og pillerter.

Botanisk illustrasjon av erteplanten.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Erteplanten har typisk kvite blomar som sit parvis saman i bladhjørna. Frøa (ertene) er grøne eller gule. Dei ligg i rader inni belgar (erteskolmar) som gjerne er grøne og kan vera flate eller rundlege på form.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Arten er ei gamal kulturvekst og det er gjort historiske funn som syner at erter har vore dyrka i minst 10000 år. I samband med arkeologiske utgravingar i palasset til Kong Priamos av Troja vart det funne ei krukke med over 180 kg erter, som heldt seg fint i 3000 år. I Burma har ein, ved hjelp av karbon-14-metoden, datert erter til ein alder på 9770 år.[treng kjelde]

Reinsking av erter.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Erter kan haustast før eller etter at frøa er mogne. På nokre typar kan ein eta både frø og belg, men som oftat reinser ein dei ved å ta ertene ut av belgen. Ertene kan etast ferske, kokte, steikt eller stua. Dei kan også hermetiserast.

Nokre rettar ein kan laga av erter er erterstuing, ertesuppe og ertekål. Dei kan også vera tilbehøyr til mange ulike hovudrettar, til dømes som russiske erter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • ert (27.02.2013) i Store norske leksikon.
Spire Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.