Ervingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ingen Ulyd. Klap ved enkelte Sange
og ved Slutningen.

Ivar Aasen: Dagboka 29.04.1855

Ervingen er eit syngespel av Ivar Aasen. Stykket har vorte rekna som opningsstykke til den nynorske teatersoga.[1] Dette fordi det er første gongen alle personane i eit stykke, unnateke ein, snakkar landsmål. Aasen skreiv størstedelen av stykket vinteren 1855. Det vart framført første gongen på Kristiania Norske Theater 29. april det året. Ivar Aasen var med på prøvene til stykket og song songane for kapellmeister Paoli Sperati, som så skreiv ned tonane.

Ervingen var òg det første teaterstykket Det Norske Teatret sette opp. Det skjedde i Kristiansand 2. januar 1913.

I Ervingen finn vi fleire kjende Aasen-songar, som: «Her er det Land, som hugar meg best» og «Dei vil alltid klaga og kyta».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jens Kåre Engeset: «Ervingen» - eit 150- og eit 111-årsminne Vent vidar seg Hovdevatnet. Hovdebygda, 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource ErvingenWikikilden (frie originaltekstar)
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.