Es ist euch gut, daß ich hingehe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Es ist euch gut, daß ich hingehe
BWV 108
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1725
Første framføring 29. april 1725
Publiseringsdato 1876
Typisk lengd 15:25
Satsar 6

Es ist euch gut, daß ich hingehe, BWV 108, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den fjerde sundagen etter påske, som dette året var den 29. april.

Teksten er henta frå Christiane Mariene von Ziegler (sats 2, 3, 5), Evangeliet etter Johannes 16: 7 (første sats) og 16: 13 (fjerde sats), og Paul Gerhardt (sjette sats)

Koraltemaet er basert på salmen «Kommt her zu mir, spricht Gottes Sohn». Denne melodien er ei utgåve av den verdslege songen «Es ist nicht lang, daß es geschah», som òg vert kalla «Lindenschmied-Weise». Denne melodien kan sporast tilbake til Sør-Tyskland rundt 1490. Melodien dukkar opp i 1530 med tekst av Georg Grünwald som «Ain schöns newes Christlichs Lyed», som vart publisert for mennonittane eller baptistane.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Es ist euch gut, daß ich hingehe», Arie for bass
  2. «Mich kann kein Zweifel stören», Arie for tenor
  3. «Dein Geist wird mich also regieren», Resitativ for tenor
  4. «Wenn aber jener, der Geist der Wahrheit, kommen wird», Koral
  5. «Was mein Herz von dir begehrt», Arie for alt
  6. «Dein Geist, den Gott von Himmel gibt», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]