Asbjørn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Esbjörn)
Runestein i Östergötland reist av ein Torvida for fare Äskil og broren Asbjörn.
Foto: Harri Blomberg, 2007
Foto: Harri Blomberg, 2007
Asbjørn og Åsbjørn er mannsnamn som kjem frå norrønt Ásbjǫrn. Namnet er ei samansetting av dei to orda áss og bjǫrn. Áss er ein gud i norrøn mytologi, medan bjǫrn er den norrøne skrivemåten for dyret bjørn. Med eit slikt namn skulle beraren få eigenskapane og styrken til gudane og bjørnen.
Namnedagen til Asbjørn er 10. mai. Dei to namna Espen og Esben er variantar av Asbjørn.
Namneberarar [endre]
- Asbjørn Kloster (1823–1867), norsk kvekerpredikant og fråhaldsforkjempar
- Asbjørn Dørumsgard (1887–1968), norsk forfattar og kommunepolitikar
- Asbjørn Aamodt (1893–1966), norsk biletkunstnar
- Asbjørn Aavik (1902–1997) norsk misjonær og forfattar
- Asbjørn Nesheim (1908-1989), norsk språkforskar og museumsmann
- Asbjørn Aarnes (f. 1923), norsk litteraturforskar
- Asbjørn Dybwad (1924–1973), norsk forfattar
- Asbjørn Haugstvedt (1926–2008), norsk stortingspolitikar og minister
- Asbjørn Eide (f. 1933), norsk jurist og forfattar
- Asbjørn Gjærde (f. 1939), norsk journalist og forfattar
- Asbjørn Schaathun (f. 1961), norsk komponist
- Asbjørn Slettemark (f. 1975), norsk musikkjournalist
Bakgrunnsstoff [endre]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Asbjørn hjå Statistisk Sentralbyrå