Esefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°13′4″N 6°30′1″E

Fotografi teke frå fjellet på austsida av Fjærlandsfjorden. Esefjorden går inn mellom neset med Dragsvik og kommuneseneteret Holmen.
Foto: Per Olav Bøyum

Esefjorden er ein fjordarm av Sognefjorden på nordsida av fjorden i Balestrand kommune. Fjorden har ei lengd på 4 km og ligg ved sjølve tettstaden Balestrand.

Fjorden har innløp mellom Munken i Balestrand i sør og garden Tjugum på nordsida. Frå her går fjorden nordvestover. Grenda Ese, som fjorden er kalla opp etter, ligg på sørsida om lag halvvegs inn i fjorden. Inst i fjorden ligg Esebotn.

Dragsvik ligg like utanfor innløpet til fjorden og har ferjesamband til Hella og Vangsnes.

Riksveg 55 går langs heile fjorden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Kart på Google Maps