Eskimoisk-aleutiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eskimo-aleutiske språk

Eskimoisk-aleutiske språk er ei språkgruppe som blir snakka på Aleutane, på begge sidene av Beringstredet, i Alaska og Canada og på Grønland. Ho har to greiner, aleutisk er det einaste språket i den eine, og dei eskimoiske språka i den andre.

Det finst til saman omtrent 10 eskimo-aleutiske språk, med til saman omtrent 85 000 talarar. Aleutisk blir snakka av ca. 30 % av aleutane, det vil seie av ca. 700 aleutar på Aleutane, og av ein handfull av aleutar på Kommandørøyane i Russland. Det blir snakka 3 ulike eskimoiske språk i Russland, av til saman i underkant av 600 talarar, sibirsk yupik er det største av dei. Dei største språka er grønlandsk (47 000) og inuktitut (18 000).

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Dei eskimo-aleutiske språka blir skrive med fleire ulike skriftspråk. Sibirsk yupik blir, som andre minoritetsspråk vart i Sovjetunionen, skrive med det kyrilliske alfabetet. Inuktitut blir skrive med det kanadiske stavingsalfabetet. Dei andre språka blir skrive med det latinske alfabetet. 6 av dei 10 eskimoisk-aleutiske språka er skriftfesta.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Eskimoiske språk

Dei eskimo-aleutiske språka har enkle lydsystem, med eit trevokalsystem (i, u, a), og relativt få konsonantfonem.

Dei eskimo-aleutiske språka er verdskjende for den polysyntetiske og agglutinerande strukturen sin.

Dei eskimo-aleutiske språka skil ikkje stramt mellom adjektiv og verb, jf. grønlandsk Angut kusanarpoq «Mannen er flott» vs. Angut kusanartoq takuara «Eg såg ein flott mann», der verbet kusanarpoq i det andre tilfellet er bøygd adjektivisk, kusanartoq. Adjektiva (eller heller: verba når dei opptrer adjektivisk) blir bøygd som substantiv, bortsatt frå at dei ikkje får possessivsuffiks.

Dei eskimo-aleutiske språka er ergative språk, dvs. at det eine argumentet til intransitive verb står i same kasus som objektet til transitive verb, og ikkje i same kasus som subjektet til transitive verb, slik det gjer i nominativ-akkusativ-språk som t.d. norsk. Subjektet til transitive verb står i relativ kasus, kasus for objektet og for argumentet til det intransitive verbet blir kalla absolutiv kasus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei aleutiske og eskimoiske språka skilde seg frå kvarandre ca. 2000 f.Kr. Dei eskimoiske språka delte seg i to greiner omtrent år 1000 e.Kr.

Språkslektskap[endre | endre wikiteksten]

Alle er samd om at dei eskimoiske og aleutiske språkgreinene dannar ein famile som består av desse to greinene. Det har ikkje vore mogleg å etablere eit sikkert slektskap med språkfamilier utanfor dei eskimoisk -aleutiske språka. Det har ikkje vore framlegg om å knyte dei til dei næraste indianarspråka, og når det gjeld næraste språka på sibirsk side er problemet snarare å etablere genetisk slektskap dei i mellom (dei paleo-sibirske språka er meir eller mindre ein restkategori.

Joseph Greenberg har gjort framlegg om ein stor språkfamilie, som består av indo-europeiske, uralske, altaiske, dravidske språk, og koreansk og japansk. (jf. Greenberg, Joseph H. (2000) Indo-European and its Closest Relatives: the Eurasiatic Language Family – Volume I, Grammar. Stanford: Stanford University Press. Greenberg, Joseph H. (2002) Indo-European and its Closest Relatives: the Eurasiatic Language Family – Volume II, Lexicon. Stanford: Stanford University Press.). Desse teoriane er ikkje allment akseptert i forskingsmiljøa.

Forskingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Den første grønlandske grammatikken (1750) og ordboka (1760) vart publisert av Paul Egede, desse utgjer fundamentet for studiet av eskimoiske språk. Det neste framsteget kom med Samuel Kleinschmidt, grammatikken (1851) og ordboka (1871) hans er framleis standardreferansane for grønlandsk. Den første som såg slektskapet mellom eskimoisk og aleutisk var Rasmus Rask.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleinschmidt, S. 1851: Grammatik der grönländischen Sprache mit teilweisem Einschluß des Labradordialekts. Berlin.
  • Krauss, Michael 1976: Eskimo-Aleut. Native Languages of America 1.

Liste over eskimoisk-aleutiske språk[endre | endre wikiteksten]