Espelandsfossen i Granvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Espelandsfossen
Stad Espelandsdalen i Granvin
Totalt fall 75 m
Elv Espelandselva

Espelandsfossen er ein 75 meter høg foss i Espelandsdalen i Granvin i Hardanger.

På grunn av ei urban segn vert Espelandsfossen stundom rekna for å vere 703 meter høg. Dette kjem truleg av den totale fallhøgda til Espelandselva, som vert nytta til utvinning av vasskraft. Ein annan teori er at fossen er forveksla med den 455 meter høge Skrikjofossen i Lofthus i Ullensvang, som ligg 60 km lenger sør.