Espen Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Espen Andersen (fødd 12. juli 1961) er ein norsk, tidlegare kombinertløpar og skihoppar frå Oslo. Han vann to VM-sølv i kombinert for Noreg i 3x10 km lag i høvesvis 1982 og 1985. Mellom 1982 og 1986 sikra han seg to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i noregsmeisterskap. Andersen sin einaste siger i verdscupen kom i Holmenkollen i 1984.

Kombinertløparen Geir Andersen er ein yngre bror.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Andersen utmerka seg fyrste gongen då han i Lahti i 1981 vart nummer sju i kombinertøvinga, og nest beste nordmann. Året etter var han nær ved å verte norsk meister i kombinert, då han fylgde Tom Sandberg så å seie til målstreken. Ein annan sterk, individuell prestasjon gjorde han då han i Lahti kom på tredjeplass i kombinert, 10,2 sekundar bak vinnaren Rauno Miettinen frå Finland. Høgdepunktet for sesongen var likevel ski-VM på heimebane i Oslo, der Andersen gjekk fyrsteetappen på Noregs tremannslag som fekk sølvmedaljane. Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg gjekk dei andre etappane.

I 1983-sesongen spurtslo han Günther Schmieder frå Aust-Tyskland i Falun, og vart vinnar av kombinert i Svenska skidspelen. I OL-året 1984 vann Andersen kombinert i Holmenkollrenna framom tre landsmenn, nærast kom den ferske olympiameisteren Tom Sandberg. Under VM på ski i Seefeld i 1985, sikra Espen Andersen seg eit nytt VM-sølv i lagtevlinga, den gongen saman med broren Geir og med Hallstein Bøgseth. Espen Andersen si beste plassering i indviduelle meisterskapstevlingar var ein 13. plass frå VM 1987.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1982: Sølvmedalje i kombinert og nr 9 i normalbakken, begge Raufoss; nr 11 i storbakken på Rena
  • 1983: Sølvmedalje i kombinert og nr 5 i normalbakken i Mo i Rana
  • 1984: Nr 4 i kombinert i Hof
  • 1985: Nr 6 i kombinert
  • 1986: Bronsemedalje på Vang på Hedmark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]