Espen Barth Eide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Espen Barth Eide

Espen Barth Eide (fødd 1. mai 1964) er ein norsk statsvitar, politikar og noverande utanriksminister for Arbeidarpartiet. Barth Eide vart først forsvarsminister då Grete Faremo tok over som justisminister grunna Knut Storberget sin avgang frå stillinga den 11. november 2011.[1] I september 2012 vart han ny utanriksminister. [2]

Espen Barth Eide er son til forskarane Asbjørn Eide og Wenche Barth Eide. Han er utdanna cand. polit. frå Universitetet i Oslo. I 1992 vart han generalsekretær i Europarørsla. I 1994 vart han forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), der han m.a. har hatt ansvar for SN-programmet og leidd avdelinga for internasjonal politikk 2002-05.

Frå 2000 til 2001 var han statssekretær ved utanriksdepartementet i Jens Stoltenberg si fyrste regjering. Her spelte han ei sentral rolle ved forhandlingane om kjøp av norske jagarfly. Frå 2005 - 2010 var han statssekretær i forsvarsdepartementet, og frå 2010 til 2011 vart han statssekretær i utanriksdepartementet att fram til han fekk stillinga som forsvarsminister i 2011.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]